Vil du vere med og bidra til god økonomistyring i Lærdal kommune?
Lærdal kommune Økonomi, IKT og HR
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Økonomikonsulent
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. august
Me søkjer ny økonomikonsulent i fast stilling til avdelinga for økonomi, HR og IKT. Avdelinga leverer støttefunksjonar til heile organisasjonen og samarbeider tett med kommunen sine fire kommunalområde. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar og moglegheit til å påverke utviklinga av kommunen sine tenester.
Ønskja kompetanse:
- Høgare utdanning på bachelornivå innan økonomi/administrasjon er ønskjeleg
- Erfaring med digitale økonomiverktøy og system
- Erfaring innan økonomi og lønsarbeid, gjerne frå offentleg sektor
- Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og resultatorientert
Relevant praksis kan kompensera for manglande formell utdanning.
Arbeidsoppgåver:
- Ansvar for kommunale avgifter
- Oppgåver knytt til fakturamottak
- Fakturering og innkreving
- Bokføring, avstemming og kontroll
- Oppgåver knytt til fagområdet økonomi, rekneskap og løn
- Andre oppgåver kan tilkoma etter avtale med leiar
- Løn etter hovudtariffavtalen i KS. Stillinga er løna etter garantilønstabellen for tilsette med utdanning på inntil bachelornivå, med omsyn til kompetanse og erfaring.
- Gode pensjonsordningar gjennom medlemskap i KLP.
- Gode personforsikringar som ein del av tilsettingsforholdet.
- Eit godt og inkluderande fagmiljø med dyktige, kjekke og engasjerte kollegaer.
- Moglegheit for heimekontor inntil ein dag i veka
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5600e228-734b-48aa-9c5c-9ce931441bf0
- Sist endret
3. juli 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3644031_233171_nn