Hopp til innhold

Avdelingsleiar Lærdal bu og omsorgsheim

Arbeidsgiver

Lærdal kommune Pleie og omsorg

Sted

Øyraplassen 7, 6887 Lærdal

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 13. september

I Lærdal bur det berre rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Gjennom året byr me på store marknader, musikkfestival, matfestival, gytefestival (den må du nesten berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest – og mykje meir.Me er omkransa av majestetiske fjell og har eit rikt utval av fantastiske turmoglegheiter, både til fots og på ski. Her finn du også ei mengd fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Sentrum er koseleg og sjarmerande, med gamle trehus som strekkjer seg heilt ned til fjorden. I den grøderike dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikeleg monn.Kommunen vår ligg faktisk svært sentralt til: Det tek om lag tre timar å køyra til Bergen og fire timar til Oslo. I tillegg ligg både «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og ja – me har eige lokalsjukehus.

 

Ynskjer du deg ein spanande leiarjobb med faglege utfordringar, og moglegheit for utvikling? 

Då ser me etter akkurat deg! 

Lærdal bu og omsorgsheim skal tilsetje avdelingsleiar.

I tillegg til det faglege ansvaret for avdelinga vil du også ha ansvar for personale og økonomi.

 

Ved Lærdal bu og omsorgsheim er det 23 plassar, 1 KAD seng, 4 korttids - og 18 langtids plassar. I tillegg har me eige kjøkken, fysio/ ergoterapeut, koordinator, sakshandsamarar, demenskoordinator og aktivitetstove - der det yrer av aktivitet og liv.

 

 Faglege kvalifikasjonar:
  • Autorisasjon som sjukepleier eller vernepleier, gjerne med leiarerfaring.
  • Førarkort klasse B
  • Gyldig politiattest
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

 

 Dine oppgåver vil være:
  • Personalansvar for dine tilsett i avdelinga, ca. 30 tilsette.
  • Dagleg bemanningsplanlegging saman med merkantil ressurs
  • Delta i turnusarbeid for di avdeling
  • Leie avdelingsmøter/ brukarmøter
  • Delta på tildelingsmøter i Pleie og omsorg
  • Tett samarbeid med anna avdeling kring innkomst/ overføring
  • Møter med fastlege og spesialisthelsetenesta
  • Budsjettarbeid - utarbeiding og oppfølging
  • Bidra til godt samarbeid mellom einingane og andre samarbeidspartar

 

 Er dette deg?
  • Evne og lyst til å leie andre
  • Løysningsorientert, strukturert og evne til å ta avgjersler
  • Fleksibel og god på samhandling - finn den beste løysningen
  • Personlege eigenskapar vert vekta

 

 Hjå oss får du:

  • Godt arbeidsmiljø blant flotte kollegaer
  • Fagleg utvikling
  • Moglegheit for vidareutdanning med økonomisk støtte
  • Støttande leiing
  • Gode pensjonsordningar, ulykkes- og gruppelivsforsikring

 

Me tilbyr:
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjonsordningar gjennom medlemskap i KLP.
  • Gode personforsikringar som ein del av tilsettingsforholdet.
  • Gode moglegheiter  for vidareutdanning
  • Rekrutteringstilskot 60 000,- med 2 års bindingstid
  • Tillegg for rettleiing av studentar og lærlingar
 
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
  • Full barnehagedekning
  • Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse
  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
  • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Toril Grøthe

Einingsleiar pleie og omsorg

91360633

toril.torvi@laerdal.kommune.no

Om bedriften

I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8a7bb048-76cd-47bf-a502-96a9676d8b1d

Sist endret

19. august 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3654533_228185_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser