Sjukepleiar i 100 % fast stilling ved Seimsdal sjukeheim
Årdal kommune Pleie og omsorg
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 9. desember
Ved Seimsdal sjukeheim søkjer me ein trygg, omsorgsfull og utviklingsorientert sjukepleiar som ynskjer å bidra til gode dagar for bebuarane våre. Me er opptekne av kvalitet, fagleg utvikling og ei omsorgsteneste som tek utgangspunkt i det som er viktig for kvar enkelt. Hjå oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du blir ein viktig del av eit engasjert fagmiljø, med høve til å påverka og vidareutvikla tenestene saman med dyktige kollegaer.
Om stillingaSom sjukepleiar ved Seimsdal sjukeheim vil du ha ansvar for sjukepleiefagleg oppfølging av bebuarane og bidra til at dei opplever tryggleik, meistring og god livskvalitet. Du arbeider personorientert og med fokus på brukarmedverknad, der bebuarane sine behov og ynskje står i sentrum. Stillinga omfattar journalføring og kommunikasjon med pasientar og pårørande i tråd med gjeldande rutinar og retningslinjer. Du vil også vera ein viktig bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø og samarbeida tett med kollegaer ved både Seimsdal sjukeheim og Årdal sjukeheim.
Kven ser me etter?Me søkjer deg som er autorisert sjukepleiar og som har engasjement for eldreomsorg. Du trivst med å arbeida sjølvstendig, samstundes som du verdset samarbeid og kunnskapsdeling. Du ynskjer å bidra til eit godt læringsmiljø for studentar og lærlingar, og ser verdien av å rettleia og dela erfaringar med andre.
Det er ein fordel om du har kjennskap til dokumentasjonssystemet Gerica. Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, og førarkort for bil.
Personlege eigenskaparMe legg vekt på at du er fagleg engasjert, løysingsorientert og oppteken av kvalitet i tenestene. Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, møter andre med respekt og omsorg, og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø. Vidare er du fleksibel, ansvarsbevisst og trygg i møte med menneske i ulike livssituasjonar.
Kvifor velja oss?Hjå oss får du ein meiningsfull jobb der du kvar dag bidreg til å skapa gode opplevingar og tryggleik for bebuarane våre. Du blir ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og gode moglegheiter for fagleg utvikling. Seimsdal sjukeheim har innført årsturnus, som gir føreseielege rammer og større påverknad på eigen arbeidssituasjon.
Me tilbyr gode pensjons- og forsikringsordningar, løn etter Hovudtariffavtalen og tilgang til bedriftshytte på Skeikampen.
Velkomen som søkjarPersonlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt. Me oppmodar både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar om å søkja.
Bli med og skap gode dagar for dei som treng oss mest.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
736b9bed-4f97-4baf-9f1b-3068ac566f10
- Sist endret
25. november 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3682115_229361_nn