Helsefagarbeidar i 100% fast stilling – Grandane bufellesskap
Årdal kommune Bu og miljøtenesta
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 2. desember
Grandane bufellesskap søkjer ein engasjert og fagleg trygg helsefagarbeidar. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til gode tenester, har evne til å byggje trygge relasjonar og som kan stå støtt i situasjonar der åtferd kan vere utfordrande.
Arbeidet inneber tett oppfølging av personar med samansette behov. Nokre av tenestemottakarane kan i periodar vise åtferd som utfordrar, og det er viktig at du er trygg, tolmodig og evnar å stå i krevjande situasjonar over tid. Me søkjer difor medarbeidarar som kan møte sterke kjensleuttrykk med ro, respekt og fagleg refleksjon, og som er opptekne av å forstå kva åtferda uttrykkjer og kva behov som ligg bak.
Dette er ei stilling som gir moglegheit til å gjere ein stor forskjell for menneske som treng stabile, trygge og engasjerte medarbeidarar rundt seg. Arbeidet krev tolmod, fagleg nysgjerrigheit og evne til å halde fast ved gode relasjonar også når dagane er krevjande.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Erfaring frå arbeid med personar med psykisk utviklingshemming og ulike oppfølgings- og bistandsbehov er ynskjeleg
- Erfaring med åtferd som utfordrar er ein fordel
- Bilsertifikat
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som:
- Er trygg, roleg og løysingsorientert i utfordrande situasjonar
- Har gode evner til å byggje tillit og stabile relasjonar
- Er tolmodig og uthaldande, også når utvikling skjer i små steg
- Kan handtere uforutsette situasjonar på ein profesjonell måte
- Er trygg på eigne reaksjonar og tek imot rettleiing og attendemeldingar på ein konstruktiv måte
- Kan arbeide både sjølvstendig og i team
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Me tilbyr
- Eit fagleg spennande og meiningsfullt arbeid
- Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- God og trygg opplæring tilpassa arbeidsoppgåvene og tenestemottakarane du skal arbeide med
- Fagleg rettleiing og oppfølging
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Lange vakter
- Årsturnus
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
Tilsetjing
Tilsetjing skjer så snart som mogleg.
Det kan bli andre ledige stillingar som følgje av interne tilsetjingar. Oppgje gjerne i søknaden dersom du også er interessert i andre stillingsstorleikar eller vikariat som måtte bli ledige.
Velkommen som søkjar! Me gler oss til å høyra frå deg!
Andre opplysningar:
- Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med 25.000kr i året gjeld for deg som har bustadadresse i Årdal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering.
- Me gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- For stillingar der det etter lov eller forskrift vert stilt spesielle krav til politiattest, skal det leggjast fram før tilsetjing.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
583963a3-dbf4-4e02-a5b6-aa51a79b0554
- Sist endret
18. november 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3679999_229359_nn