Hopp til innhold

100 % vikariat som rettleiar ved Nav Aurland og Lærdal

Arbeidsgiver

Lærdal kommune Nav

Sted

Øyraplassen 7, 6887 Lærdal

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 7. september

I Lærdal bur det berre rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Gjennom året byr me på store marknader, musikkfestival, matfestival, gytefestival (den må du nesten berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest – og mykje meir.Me er omkransa av majestetiske fjell og har eit rikt utval av fantastiske turmoglegheiter, både til fots og på ski. Her finn du også ei mengd fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Sentrum er koseleg og sjarmerande, med gamle trehus som strekkjer seg heilt ned til fjorden. I den grøderike dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikeleg monn.Kommunen vår ligg faktisk svært sentralt til: Det tek om lag tre timar å køyra til Bergen og fire timar til Oslo. I tillegg ligg både «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og ja – me har eige lokalsjukehus.Har du lyst til å vera rettleiar ved Nav Aurland og Lærdal?

Nav Aurland og Lærdal har ledig 100 % vikariat som rettleiar frå 1. desember 2026 til 31. desember 2027 i samband med foreldrepermisjon. Det kan vere mogleg med forlenging av vikariatet, avhengig av kor lang permisjon den faste tilsette ønskjer å nytte.

Lærdal kommune er vertskommune for Nav-kontora i Aurland og Lærdal. Du vert formelt tilsett i Lærdal kommune, men arbeidsoppgåvene vert utførte i begge kommunane og du må rekne med å vere tilstade i både Aurland og Lærdal.

Nav Lærdal og Aurland har totalt 8 tilsette, inkludert flyktningtenesta og to statlege stillingar. Me er ein god miks av ulik fagkompetanse, fagområde, kjønn og perspektiv. Dette gjev oss eit spennande, lærerikt og triveleg arbeidsmiljø der me spelar kvarandre gode.

Nav er i kontinuerleg utvikling både fagleg og organisatorisk. I løpet av 2027 er det planlagt etablering av eit regionalt vertskommunesamarbeid mellom Nav-kontora i Aurland, Lærdal, Årdal, Vik og Luster. Som vikar kan du difor verte ein del av ei spennande utviklingsreise og eventuelt bli omfatta av verksemdsoverdraging i tilsetjingsperioden.

  

Utdanning/kvalifikasjonar/eigenskapar:
  • Minimum bachelorutdanning frå universitet eller høgskule.
  • Sosialfagleg utdanning er ynskjeleg, men anna relevant utdanning som pedagogikk, helsefag eller tilsvarande vil bli vurdert.
  • Erfaring innan offentleg forvaltning er ynskjeleg, og særleg positivt om erfaringa er knytt til Nav eller anna sosialfagleg arbeid.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Gode IKT kunnskapar – kan handtere ulike digitale fagsystem etter opplæring.
  • Førarkort klasse B.
  • Du er initiativrik, sjølvstendig og har evne til å byggje gode relasjonar med brukarar og samarbeidspartnarar.

 Arbeidsoppgåver:

  • Oppfølging og rettleiing av personar som treng bistand for å kome i arbeid, aktivitet eller utdanning.
  • Sakshandsaming etter lov om sosialtenester i Nav og andre relevante lover og forskifter.
  • Kartlegging, motivasjonsarbeid og individuell oppfølging.
  • Samarbeid med arbeidsgjevarar, helsetenester, utdanningsinstitusjonar og andre samarbeidspartnarar.
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga etter behov. 

Dagtidsarbeid, 37,5 t per veke

Me tilbyr:
  • Løn etter kvalifikasjonar og avtale - med utgangspunkt i KS sin garantilønstabell kap. 4.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
  • Fleksibel arbeidstid utanom kjernetida.
  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde.
  • Eit aktivt, støttande og engasjert arbeidsmiljø med brei fagkompetanse.
  • Statlege velferdsordningar for dei kommunale tilsette i Nav.

 Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:

  • Full barnehagedekning
  • Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse
  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
  • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Turid Stigen Sørensen

Leiar Nav Lærdal og Aurland

+47 951 54 321

Turid.stigen.sorensen@laerdal.kommune.no

Om bedriften

I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d70e31e0-b1ea-41b4-a927-fecf3569e71a

Sist endret

18. august 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3653999_229319_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser