Hopp til innhold

Avdelingsleiar

Arbeidsgiver

Undheim skule, Time kommune

Sted

Bjønnholen 10, 4342 Undheim

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 10. mars

Me søkjer etter avdelingsleiar til skulen som ligg sentralt i den "grøna bygdå". Skulen er plassert mellom idrettsanlegg, idrettshall og barnehage. Undheim er heimbygda til Arne Garborg, og har eit rikt og variert organisasjons- og kulturtilbod. Skulen har god støtte i lokalsamfunnet.
Stillinga består av 30% leiing og 70% andre oppgåver/undervisning, og du vert del av skulen sitt leiarteam. Som del av leiinga er du med på å leggje til rette for gode prosessar innanfor profesjonsutvikling i personalet.
Skulen har 95 flotte elevar på 1.-7. trinn og 16 tilsette. Me tilbyr òg SFO for elevar på 1.-4.trinn. Skulen har særleg fokus på områda lesing, skriving, og inkluderande klassemiljø for elevane.
Det store oppdraget og målet i oppvekst i Time er at elevane skal fullføra vidaregåande opplæring for vidare utdanning og arbeid. Sjølv om det er langt fram til elevane på Undheim skule skal fullføra vidaregåande opplæring, er kvar dag ein god dag for livet her og nå, og eit grunnlag for at elevane skal lukkast når dei går vidare. Formålet i skulen er danning og utdanning, og dette ansvaret kan ingen bæra åleine. På Undheim skule har me eit tverrfagleg team, "Laget rundt læraren og eleven". Laget samarbeider tett med førebyggande tiltak for å løysa utfordringar på skulen.   


Ein del av utviklingsarbeidet ved vår skule handlar om å vera med i nettverksgrupper på tvers av kommunane i Jærskulen. Undheim skule er i nettverk saman med Motland-, Rosseland-, Kleppe- og Solås skule.


Arbeidsoppgåver

  • Dagleg leiing, både pedagogisk og administrativt med personalansvar
  • Leia dei tilsette si læring og utvikling 
  • Følgja opp elevsaker saman med eleven sjølv, lærarane og dei føresette
  • Systematisk samarbeid med ulike instansar i kommunen
  • Delta i timeplan- og ressursarbeid
  • Ansvar for å skaffa og følgje opp vikarar, og føra løn og fråvær i Visma Timeplan 
  • Leia overgangsarbeidet frå barneskule til ungdomsskule

Kvalifikasjonar

Stillinga krev at ein har godkjent lærarutdanning for barnetrinnet og erfaring frå arbeid i skule.

Me ser vidare etter ein person som:

  • Har god IKT kompetanse
  • Har kunnskap om, og kan utøva administrative oppgåver
  • Vidareutdanning innan skuleleiing er ønska. Om ein manglar vidareutdanning innan skuleleiing er det forventa at ein fullfører denne innan to år.
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
  • Det krevst politiattest ved tilsetjing i stillinga.

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg

Vi tilbyr

  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter avtale
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.

Kontaktinformasjon

Gerd Rusdal, Rektor, +47 98635393

Arbeidsstad

Bjønnholen 10
4342 Undheim

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5085472457
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Gerd Rusdal

Rektor

+47 98635393

Om bedriften

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

55c2ac84-faae-498d-aed8-3eceff7832d6

Sist endret

2. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ded986633b1a455683edec8f0b5dcb25

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Enhet for sykehjem, Sandnes kommune

Sted

Sandnes