Hopp til innhold

Pedagogisk leiar

Arbeidsgiver

Kvernaland barnehage, Time kommune

Sted

Holmebakken 45, 4355 Kvernaland

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest onsdag 29. april

Kvifor søke?  Kvernaland barnehage utvidar og har derfor ledig 100 % fast stilling frå 01.08.2026 samt 1 års vikariat med oppstart 01.08.2026               

I Time kommune arbeidar me for å gje alle barn eit trygt og godt barnehagemiljø. Visjonen vår er at barn og unge skal ha lyst på livet og evne til å meistra det.   
Kvernaland barnehage er ein kommunal barnehage som sto ny i 2011. Fleire av personalet har vært med frå byrjinga og har vore med på å forme barnehagen heilt frå starten av. Me har ein barnehage som bidreg til trivsel og glede i leik og læring. Miljøet innbyr til fysisk utfolding, ein god og trygg stad for fellesskap og vennskap. Barnehagen har areal og utstyr til leik og varierte aktivitetar som fremmar bevegelsesglede, gjer allsidig bevegelseserfaring, sanseerfaring og moglegheit til å læra og meistra. Me har lagt vekt på ein god veksling mellom leik, læring, konsentrasjon, utfolding og kvile. Miljøet er utforma slik at alle barn får gode moglegheiter til å delta aktivt i leik og andre aktivitetar. Det er teke høgde for ulike pedagogiske trendar og skiftande bruk. Her kan du sjå litt meir om Kvernaland barnehage: https://youtu.be/1RU8LpRDQO0?si=aMTyrMXpCb3vXcie  

Kvifor søke på arbeid hjå oss?
  • Godt arbeidsmiljø: Kvernaland barnehage kan tilby eit positivt og støttande arbeidsmiljø der personalet verdsettast og trivast
  • Fokus på barnas trivsel og læring: Me har eit stimulerande læringsmiljø der barna trivest og utviklar seg
  • Fagleg utvikling: Det er moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom etterutdanning, intern opplæring, jobbskyggeaktivitet i EØS/EU land og planleggingsdagar. Me har for tida eit 3-årig prosjekt kor me dreiar fokus frå individ til fellesskap. I den samanheng har me har ein eigen inkluderingspedagog i tillegg til grunnbemanning. Vår satsing i dette arbeidet er fokus på vaksenrollen, kultur, haldningar og verdiar. Robuste barn og leik. 
  • Gode ressursar: Kvernaland barnehage kan tilby eit godt barnehagebygg med store inneareal for allsidig leik og utvikling. Me prioriterer bruk av vikarar ved fråvær slik at resterande personale  har kapasitet til å  utføra jobben på ein tilfredsstillande måte.  
  • Moglegheit for påverknad og deltaking: Som tilsett i Kvernaland barnehage har ein moglegheit til å bidra til utviklinga av barnehagen og vera med på å forma og implementera nye initiativ og tiltak
 

Arbeidsoppgåver

Me ser etter ein pedagog som kan:
  • gje barna ein god og trygg start på livet
  • følgja opp og utvikla tilsette på avdelinga
  • legge til rette for eit godt samarbeid blant kollegaer og med føresette
  • ta ansvar for planlegging, dokumentasjon og vurdering som bidreg til eit trygt og inkluderande miljø for både barn og tilsette
  • være med å utvikla barnehagen vidare

Kvalifikasjonar

  • Du har godkjent utdanning som barnehagelærar og helst erfaring fra arbeid som pedagogisk leiar
  • Andre med anna relevant høgskule-/universitetsutdanning innan barnehagepedagogikk er velkomne til å søka
  • Du har godt humør, og bidreg til å skapa trivsel og humor i kvardagen
  • Du er løysningsorientert og målbevisst
  • Du er fagleg engasjert, aktiv, framtidsretta og nytenkande
  • Du kan arbeida godt både sjølvstendig og i team og er entusiastisk
  • Du ser, forstår og har mot til å handla saman med kollega, barn og føresette
  • Du har et ynskje om å vidareutvikla barnehagen 
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
  • Du har stor arbeidskapasitet
  • Me legg vekt på at du er eigna til stillinga

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstår klar og tydeleg
  • Me søkjer etter deg som kan vera aktiv deltakar i utviklingsarbeid saman med andre leiarar og tilsette.
  • Me søkjer etter deg som liker godt å være saman med barn og som evnar å omsette teori ut i praksis.
  • Me er ute etter barnehagelærarar som har gode samarbeidsevner, god relasjonskompetanse og er gode på gruppeleiing.
  • Me ønsker leiarar som har fokus på inkludering og ein autoritativ leiarstil.

Vi tilbyr

  • God pensjonsordning, offentlig tenestepensjon fra KLP.
  • Lønn etter tariff
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
  • Vi er studentbarnehage for UIS
  • Deltakelse i internasjonale og lokale prosjekt.

Kontaktinformasjon

Ragnhild Kverneland Ueland, Styrar, 48603397, ragnhild.kverneland.ueland@time.kommune.no

Arbeidsstad

Holmebakken 45
4355 Kvernaland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5112718922
Stillingsprosent: 100%
Fast, Engasjement
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 29.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Ragnhild Kverneland Ueland

Styrar

48603397

ragnhild.kverneland.ueland@time.kommune.no

Om bedriften

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

937204f0-4c45-45e7-afe3-7daf2e3ebb20

Sist endret

16. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e7b029ea7f2c4f9da06c6c2bc36b19e4

Lignende annonser

Laster lignende annonser