Hopp til innhold

Fagarbeidarar og miljøveiledarar

Arbeidsgiver

Skule, Time kommune

Sted

Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidarar og miljøveiledarar
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 95%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 17. april

Time kommune har ledige stillingar som fagarbeidarar og miljøveiledarar på fleire av skulane  våre frå august 2026. Me søker deg som vil vera med på ein spanande arbeidskvardag. Fokuset i alt me gjer er å skapa ein god skulekvardag der barn og unge får utvikla seg. De vil vera viktige fagpersonar som saman med lærarane og leiinga vil sikra at den enkelte elev blir teken på alvor og sett kvar dag.  


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene vil vera varierte. Du vil blant anna samarbeida med lærarar, føresette og få ansvar for å følgja opp elevar enkeltvis, i grupper og i klassar.  

Kvalifikasjonar

Relevant utdanning som:  

  • Fagarbeidar, fortrinnsvis barne- og ungdomsarbeidar.  
  • Bachelorutdanning, fortrinnsvis vernepleiar og barnevernspedagog.    
  • Det er ønskeleg med tidlegare erfaring frå tilsvarande arbeid med barn og unge.  
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.     

Personlege eigenskapar

  • Du har pågangsmot og er initiativrik 
  • Viser god omsorg og engasjement  
  • Du er robust, fleksibel og løysingsorientert  
  • Har god relasjonskompetanse   
  • Er sjølvstendig samtidig som du er ein lagspelar  
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter   

Det blir lagt vekt på om søkaren er personleg eigna til jobben.  

Me tilbyr:

  • Gode pensjonsordningar.
  • Lønn etter tariff. 
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø.
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling.

På nåverande tidspunkt har me ledig følgjande stillingar på desse skulane:

Det kan òg koma fleire ledige stillingar på andre skular, i andre storleikar og stillingstypar. Endeleg stillingsprosent vil vera ut frå behovet ved den enkelte skule. Skriv i søknaden kva stilling og skule du søkjer på.  Ikkje vent med å søka. Det blir gjennomført intervju fortløpande.

Hognestad skule: 

1 fast stilling som miljøveiledar/fagarbeidar i skule og SFO 75%. Arbeidstida varierer frå 7:15-16:00 med moglegheit for tilpassing.  

Har du spørsmål ta kontakt med: 

Rektor: Ingveig Nærland Ødegård tlf: 91863721 
https://www.minskole.no/hognestadskule 

Rosseland skule: 
 
2-3 faste deltidsstillingar som fagarbeidar (50%). Desse stillingane er knytt opp til SFO. (Arbeidstid ca.12.45-16.00) 

Det er behov både for ordinært arbeid på basen, og/eller på enkeltbarn 
 
Rektor: Geir Soma, mob. 975 81 636  Avdelingsleiar: SFO Cynthia S.Henriksen mob. 943 73 282 
https://www.minskole.no/rosseland    
 
Lye skule: 

1 vikariat som miljøveileder/fagarbeider i skule og SFO 80%.  

1 fast og 1 vikariat  i 40 - 50%  knytt opp til SFO. Det kan vera mogleg med utviding i skule, slik at stillinga totalt sett blir 70-80%. 

Om du har spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med:   

Rektor: Sigrid Hinnaland Kjetland, tlf. 990 46 933  eller SFO-leiar: Iselin Stangeland, tlf. 951 07 964 
https://www.minskole.no/lyeskule 

Kontaktinformasjon

Sigrid Hinnaland Kjetland, Rektor Lye skule, 990 46 933
Geir Soma, Rektor Rosseland skule, 975 81 636
Ingveig Nærland Ødegård, Rektor Hognestad skule, 91863721

Arbeidsstad

Arne Garborgs veg 30
4340 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5103832124
Stillingsprosent: 95%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 17.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Ingveig Nærland Ødegård

Rektor Hognestad skule

91863721

Geir Soma

Rektor Rosseland skule

975 81 636

Sigrid Hinnaland Kjetland

Rektor Lye skule

990 46 933

Om bedriften

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

83cc6abf-bdc7-4904-bbc7-1021bbe474aa

Sist endret

27. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

89b37f4b3c584f739e6259130143300b

Lignende annonser

Laster lignende annonser