Hopp til innhold

Ferievikar/tilkallingsvikar - barnepleiar/sjukepleiarstudent

Arbeidsgiver

Føde Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikar/tilkallingsvikar - barnepleiar/sjukepleiarstudent
Type ansettelse
Annet, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 9. mars

Bli ein del av vårt team på føde-barsel!

Vi søkjer ferievikar/tilkallingsvikar med mogelegheit for helgeavtale.

Er du sjukepleiarstudent, barnepleiar eller barnepleiarelev – og drøymer om en kvardag der du får bruke både fagkunnskap, omsorg og tryggleik i møte med nybakte familiar? Då kan føde-barsel vere staden for deg!

Her får du eit unikt innblikk i fødsels– og barselomsorg – perfekt for deg som vurderer å bli jordmor eller ønskjer å jobbe vidare i kvinne- og barnehelse. Eit høgt tempo der du verkeleg føler at du er med på noko viktig. Her skjer det mykje, og du blir ein del av eit team som handterar både planlagte og akutte situasjoner saman.

Her får du lære av erfarne jordmødre, barnepleiarar og sjukepleiarar kvar einaste dag. Eit trygt og lærerikt miljø med variasjon. 


Arbeidsoppgåver

  • Ivaretaking av mor og barn etter fødsel
  • rettleiing i amming og barnestell
  • Observasjonar av mor og barn
  • Assistere jordmor ved fødsel

Kvalifikasjonar

Vi ønske særlig søkarar som er:

  • Sjukepleiarstudentar, 2. eller 3. studieår, som ønskjer praksiserfaring og/eller deltidsarbeid ved siden av studiet, og som drøymer om å bli jordmor
  • Barnepleiarar med fagbrev og interesse for nyfødtomsorg, amming og støtte til nybakte familiar
  • Barnepleierelever som ønskjer en trygg læringsarena og erfaring fra eit spennande fagfelt
  • Personer som trives i et miljø med høyt tempo, der det kreves gode vurderinger, trygg kommunikasjon og evne til å skape ro hos foreldrene.

Personlege eigenskapar

  • Du er ein dyktig, pasientorientert, fleksibel og initiativrik person som kan bidra til eit godt arbeidsmiljø i avdelinga
  • Føde og barselavdelingen er til tider ei hektisk avdeling og våre tilsette må trivast med eit høgt arbeidstempo, verdsette teamarbeid og ha evne til rask omstilling
  • Du kommunisera godt, og har evne til å skape ro hos foreldra
  • Du er omsorgsfull, lærevillig og motivert

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn i henhold til gjeldande overeinskomst

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.  

Byen vår! Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Marianne Bakken Omvik, Seksjonsleiar, +47 70105921, Marianne.Bakken.Omvik@helse-mr.no
Martha Kvasnes Molvær, Seksjonsleiar, Martha.K.Molver@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5084325118
Stillingsprosent: 0%
Tilkalling/Timebasis
Søknadsfrist: 09.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Martha Kvasnes Molvær

Seksjonsleiar

Martha.K.Molver@helse-mr.no

Marianne Bakken Omvik

Seksjonsleiar

+47 70105921

Marianne.Bakken.Omvik@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

55b31abb-c441-4a71-ae72-09d0188a919b

Sist endret

26. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

19b1fc679c064d849c4cbad4bf07ed16

Lignende annonser