Hopp til innhold

Ferievikarar

Arbeidsgiver

Avlastingstenester, Ålesund kommune

Sted

Brisingstubben 6, 6013 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikarar
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. april

Vi i Bu -og avlastningstenesta treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2026. Vi treng sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar, studentar og ufaglærde. Stillingane er i en variasjon av langvaktsturnus, todelt turnus og nattevakter med inntil 14,5 timers vakter eller nattevaktsturnus. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden.  

Bu- og avlastingstenesta yt tenester til born og ungdommar med særskilte behov, derunder utviklingshemning, autisme og psykiske lidingar. Vi har fokus på at borna og ungdommene skal ha eit meiningsfullt liv med god livskvalitet. Dei fleste har behov for langsiktig omsorg med miljøterapeutisk tilrettelegging. Dei treng trygge og gode rammer, samt personer som er aktive, og har som har lyst å ge dei kjekke opplevingar. Her kan du utøve godt miljøarbeid ved hjelp av dine personlege eigenskapar og kreativitet, som ein del av eit faglig kompetent miljø. April 2024 flytta vi inn i heilt nye lokaler på Flisnes. Her har vi samla alle tenestane våre under ett tak. Vi  tilbyr tenester både på døgnavlasting, barnebustad og aktivitetsavlasting. 

Vi ynskjer at søkjar har erfaring frå barn og unge. Det vil bli lagt vekt på personlige eigning som trygghet, stabilitet og gode holdninger.  

Det er behov f.o.m. veke 24 t.o.m. veke 34 i avlastingstenesten og bornebustadar.  

Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter verksemda sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det er viktig for oss at du kan jobbe sammenhengende gjennom sommeren. Stillingsprosentane kan variere noko utifra kor mykje en kan jobbe. 


Arbeidsoppgåver

  • Miljøtilrettelegging
  • Aktivitetar
  • Pleie og omsorg
  • Medisinsk behandling og oppfølging
  • Daglege rutineoppgåver i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Søkar bør helst vere fylt 18 år.
  • Søkarar bør helst kunne jobbe minimum 5 veker samanhengande, hvorav i heile juli.
  • Det krevst norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR) for framandspråklege kandidatar.
  • Ved tilbod om stilling blir det stilt krav om tilfredsstillande politi, tuberkulin- og MRSA attest.
  • Vi søkjer etter miljøterapeuter, helsefagarbeidarer eller pleiemedarbeidarar. Det er ikkje krav til spesifikk utdanning, men du må ha interesse for faget og det å kunne gi bistand og samhandle med personer med nedsatt funksjonsevne.
  • Søkjarane må ha sertifikat for personbil.
  • Vi oppfordrar også studentar om å søkje.

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du må kunne samarbeide med både kollegaer og pårørande
  • Du har gode evner til etablering av gode relasjonar
  • Vi søkjer medarbeidarar som har interesse for å arbeide med målgruppa.
  • Du må arbeide sjølvstendig, men likevel samhandle godt med dine kollegaer.
  • I nokre tilfeller vil du møte utfordringar der utagerande åtferd forekommer, der du må følgje rutinar og praksis.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale
  • Arbeidstad i heilt nye lokaler på Flisnes
  • Ferdig utdanna sjukepleiarar og vernepleiarar kan få ein bonus på kr 12 400,-. Kriteria er at ein etter avtale med leiar må arbeide til saman 6 veker sommarvikar i 100 % stilling i perioden veke 24 – 34 i 2026. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Gjeld sjukepleiar- og vernepleiarstillingar i aktiv pleie innan kommunalområde Helse og omsorg og Velferd og sysselsetting. Bonusordninga gjeld for reelt utført arbeid, i praksis betyr dette at bonusen vert avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller anna fråvær. Dei som ønskjer slik bonusordning må opplyse om det i søknaden.

Kontaktinformasjon

Stine Sørland, Avdelingsleiar, 901 82 360, stine.sorland@alesund.kommune.no
Anne Iren Istad Heggheim, Avdelingsleiar, 948 15 863, anne.iren.istad.heggheim@alesund.kommune.no
Karina Hanken Grønstad, Verksemdsleiar, 970 98 576, karina.hanken.gronstad@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Brisingstubben 6
6013 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 5050368850
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Karina Hanken Grønstad

Verksemdsleiar

970 98 576

karina.hanken.gronstad@alesund.kommune.no

Anne Iren Istad Heggheim

Avdelingsleiar

948 15 863

anne.iren.istad.heggheim@alesund.kommune.no

Stine Sørland

Avdelingsleiar

901 82 360

stine.sorland@alesund.kommune.no

Om bedriften

Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.

Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».

Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6848bf5d-c9ec-4d5d-807c-5d39b41dc7fc

Sist endret

15. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

cb8c09a863c340898b9788ead9c4e309

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Buteneste ytre, Ålesund kommune

Sted

Ålesund

Arbeidsgiver

Åse-Blindheim heimetenestedistrikt, Ålesund kommune

Sted

Ålesund

Ferievikar til botjeneste avdeling Olsvika, Ratvika, Bogneset, Kyrkjehuagen og Hatlasvingen

Arbeidsgiver

Avdeling Ratvika, Kyrkjehaugen, Bogneset, Hatlasvingen og Olsvika 

Sted

Ålesund, Ålesund, Ålesund, Ålesund, Ålesund