Hopp til innhold

Politiadvokat/Politifullmektig

Arbeidsgiver

Vest politidistrikt

Sted

Alle Helgens gate 6, 5016 Bergen, Strandavegen, 6900 Florø

Om jobben

Stillingstittel
Politiadvokat/Politifullmektig
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
4
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 7. juni

Om stillinga

I Vest politidistrikt har vi ledig fleire faste og midlertidige stillingar som politiadvokat (SKO 1245) og politifullmektig (0288) ved Felles eining for påtale. Stillingane er stadsplassert i Bergen og Florø.

Stillingane vil innebera ordinært påtale- og porteføljearbeid med saker innunder fagfeltet til eininga. Påtaleeininga i Vest politidistrikt består per i dag av ca. 90 juristar fordelte på seks seksjonar, kor tre av desse seksjonane handsamar allmennsaker innan definerte geografiske område. Du vil bli ein del av eit fagleg dyktig og godt arbeidsmiljø og du får ansvar for eigen portefølje der du må sjå til at straffesakshandsaminga held høg kvalitet og er i tråd med gjeldande føringar og retningslinjer.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit hos publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver

  • Leiing av etterforsking og påtalehandsaming av straffesaker, med sjølvstendig ansvar for eiga straffesaksportefølje
  • Utøve legalitetskontroll og sikre at krava til rettstryggleik og objektivitet vert teken i vare på alle trinn av etterforskinga  
  • Utføre aktorater for tingrett og lagmannsrett
  • Samarbeide med både interne og eksterne aktører 
  • Andre oppgaver pålagt av overordna
  • Jourtjeneste kan bli pålagd

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert som politiadvokat:

  • Juridisk embetseksamen/Master i Rettsvitskap
  • Minst 1 års arbeidsrøynsle innan påtalearbeid, eller arbeidserfaring i 2 år som advokat eller dommerfullmektig eller liknande arbeidserfaring, der straffesakshandsaming eller prosess utgjer ein stor andel av oppgåvene 
  • Gode juridiske kunnskapar
  • Nytte begge målføre
  • Gode IT- og systemkunnskapar

Det er også ønskjeleg med:

  • Erfaring frå påtalemakta, arbeid med straffesaker og prosess
  • Unntak frå kravet om arbeidserfaring kan gjerast for søkjarar med særleg sterke faglege kvalifikasjonar

     

    Dette må du ha for å vere kvalifisert som politifullmektig:

    • Juridisk embetseksamen/Master i Rettsvitskap
    • Gode juridiske kunnskapar
    • Nytte begge målføre
    • Gode IT- og systemkunnskapar

    Begge stillingskategoriar krever at du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved å søkje på stilling i politiet samtykkjer ein til at det vil bli gjort ei skikkaheitsvurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju.

    For begge stillingskategoriar er det ønskjeleg med snarleg tilsetjing.


    Personlege eigenskapar

    • Evne til å ta avgjerder i hektiske og pressa situasjonar, og dessutan vere lydhøyr for andres synspunkt, og kunne revurdera avgjerda si om nødvendig
    • Evne til å arbeida effektivt og strukturert med eigen portefølje, vera ansvarsmedvite og overhalda gitte prioriteringar og fastsette tidsfristar
    • Kunne jobba sjølvstendig, stola på eigne evner, kunnskap og vurderingar
    • Vere løysingsorientert med gode gjennomføringsevner
    • Forhalda seg lojal til avgjerder og gjevne prioriteringar, og sjølv kunne gjennomføra rette prioriteringar ut frå dette. På ein god måte vareta omsyn til grundigheit og effektivitet 
    • Kunne vera med å bidra til eit godt arbeidsmiljø
    • Gode pedagogiske evner, under dette ved utføring av aktorat i domstolane

    Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattforma her.


    Dette kan vi tilby om du vel oss

    • Stillinga vert lønna som politiadvokat (stillingskode 1245) med årslønn frå: kr. 720.000 (avhengig av erfaring), eller som politifullmektig (stillingskode 0288) med årslønn frå kr. 650.000,-. Vidare lønnsutvikling vil skje i henhold til hovudtariffavtalane i staten.
    • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no 
    • Gode arbeidsvilkår (dagtid, fleksibel arbeidstid, trening i arbeidstida, o.l) 

    Mangfald i politiet

    Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

    Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

    Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

    Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

    Slik søkjer du

    Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

    Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


    Kontaktpersoner for stillingen

    Bjørn Larsen

    Politiinspektør

    +47 90 94 53 43

    bjorn.larsen@politiet.no

    Christine Møen Halvorsen

    Politiinspektør

    +4792434769

    christine.moen.halvorsen@politiet.no

    Elisabeth Soglo

    Politiinspektør

    +4748153844

    elisabeth.soglo@politiet.no

    Spørsmål om elektronisk søknad/ CV

    Seksjon for HR

    207.HR@politiet.no

    Om bedriften

    Vest politidistrikt dekker 38 kommuner i Vestland fylke, med til sammen 609 000 innbyggere. Distriktet følger ikke fylkesgrensene helt – kommunene Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio tilhører Sør-Vest politidistrikt.Politidistriktet har om lag 1300 ansatte, med politimester Ane Kvaal som øverste leder. Politimesteren har sitt kontor i Bergen, hvor også felles operasjonssentral er lokalisert.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    5586707d-4bcb-4c71-ae66-29ea0be0c199

    Sist endret

    22. mai 2026

    Hentet fra

    jobbnorge

    Referanse

    10297368

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser