Overlege ortopedi
Voss Ortopediske legar, Helse Bergen HF, Voss sjukehus
Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Overlege i ortopedi
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 3. februar
Ortopedisk seksjon har ledig stilling for spesialist i ortopedi frå 01.04.26. Hjå oss møter du eit ungt fastbuande overlegekollegium der mange har fått si spesialistutdanning i Helse Bergen.
Voss sjukehus Ortopedisk seksjon har fem fast tilsette ortopedar og tre LIS 3. Ortopedisk seksjon behandlar både akutt og elektiv ortopedi. Av elektiv ortopedi vert det utført protesekirurgi i hofte og kne, artroskopi i skulder og kne, handkirurgi, og fot- og ankel kirurgi. Erfaring innan eitt eller fleire av desse fagområda er ei føremon. Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF og har tett fagleg samarbeid med avdelingane ved Haukeland universitetssjukehus.
Voss sjukehus har akuttberedskap innan ortopedi, kirurgi, indremedisin, føde, gynekologi og anestesi. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar,
fordelt på fem kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og andre kringliggande kommunar i Sogn og Hardanger.
Voss herad har rundt 16.500 innbyggjarar og staden har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar
for born og vaksne, innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er
viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko, og Nord-Europas mest moderne gondolbane
ligg berre nokre steinkast frå sjukehuset. Det er også ein flott 9-hols golfbane her.
Kulturlivet er rikt og variert, med Vossa Jazz og Osafestival, og det er god offentleg kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo. Voss har elles eit godt
utbygd skuletilbod med vidaredaregåande skular med både studieførebuande og yrkesretta utdanningsprogram.
Arbeidsoppgåver
- Elektiv og akutt ortopedi (operasjon, poliklinikk, visitt, rettleiing av LIS)
- Delta i avdelinga si vaktordning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege og spesialistgodkjenning innan ortopedisk kirurgi
- Du oppsøkjer og/eller har god og oppdatert prosedyrekunnskap, gjennomfører praktiske prosedyrar etter oppdaterte retningsliner med dei rette ressursane til rett tid
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2-nivå
Personlege eigenskapar
- Du har eit godt lag med folk, og får fram det beste i dei
- Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekomande og viser respekt
- Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- God fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, tilbyr gjerne hjelp og deler raust med kompetansen din
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Vi kan hjelpe deg med å finne ein passande bustad
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Birger Norderud Lærum, Direktør, +47 56533763Arbeidsstad
Sjukehusvegen 165704 Voss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5066885057
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Birger Norderud Lærum
Direktør
+47 56533763
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
55047587-728f-49ca-90d2-4c68a9e59131
- Sist endret
22. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
02dfce35605848b595d16b0694b42b3c
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Voss DPS NKS Bjørkeli AS
Sted
Voss
Arbeidsgiver
Voss herad Udlabu
Sted
Voss
100 % fast stilling som vernepleiar og/eller sjukepleiar
Arbeidsgiver
Voss herad Udlabu
Sted
Voss