Hopp til innhold

Fagrådgjevar

Arbeidsgiver

Voss herad Udlabu

Sted

Hardangervegen 51, 5705 Voss

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Fagrådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum  når me planlegg korleis morgondagens tenester skal  vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.

Om avdelinga:

Udlabu ligg sentral på Voss og har fine nye tilrettelagte omsorgsbustader. 12 av bustadane er knytt opp til døgnbemanning og er organisert som eigne bustader med tillgang til fellesareal. På Udlabu bur det vaksne personar med ulike funksjonsvariasjonar. 

Som fagrådgjevar vil du rettleia og bistå eit kompetent fagleg miljø og ha eit tett samarbeid med avdelingsleiar på Udlabu

Ledig 100 % fast stilling som vernepleiar
  • Rekrutteringsstilling  for nytilsett vernepleiar kr 16 000,- 
  • Tillegg som fagrådgjevar kr 20 000,- 
  • Turnusarbeid med arbeid kvar 3. helg ordinære vakter eller kvar 4.helg med langvakter

 Arbeidsoppgåver:

  • Fagrådgjevar vil ha ansvar for å bistå med fagleg rettleiing i avdelinga
  • God kjennskap til jorunalsystem Aidn og oppfylgjing av tiltaksplanar
  • Oppfølging av vedtak HOL kap 9 tvang og makt
  • Ha fokus på brukarsikkerheit, brukardeltaking og pårørandesamarbeid
  • Bistå avdelingsleiar med faglege oppgåver i avdelingane ved behov
  • 80 % arbeid i miljøet og 20 % frikjøpt tid til fagarbeid
Kvalifikasjonar
  • Bachelor i vernepleie
  • kjennskap til aktuelt lovverk
  • erfaring og kompetanse i arbeid til personar med ulike funksjonsvariasjonar
Me ynskjer at du 
  • har pågangsmot, vera løysningorientert og fleksibel
  • likar endringsarbeid, å arbeida i eit aktivt miljø, vera engasjert og inkluderande
  • er oppteken av smidige løysingar og godt samarbeid med tenestemottakar og kollegaer
  • har sertifikat
  • god skriftleg og munnleg norsk
Me tilbyr:
  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • varierte arbeidsoppgåver
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår


Godkjend politiattest må framleggast før tiltreding i stillinga.

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

997711d7-0aa0-4c40-a6ef-32e7a0cd711e

Sist endret

3. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3566571_213083_nn

Lignende annonser

Fast stilling som sjukepleiar og/eller vernepleiar

Arbeidsgiver

Voss herad Område nord

Sted

Vossestrand