Fast 80% stilling som helsefagarbeidar ved Vossestrand Omsorgstun.
Voss herad Område nord
Oppheimsvegen 35, 5713 Vossestrand
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Arbeidstid
- Turnus, lørdag og søndag
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 31. mars
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.
Om avdelinga:
Vossestrand Omsorgstun ligg nydeleg til ved Oppheimsvatnet på Oppheim. Ca 2 mil frå Voss Sentrum.
Det er 26 bebuarar i institusjon, fordelt på 3 avdelingar. 2 avdelingar med langtidsplassar og ein avdeling med omsorgsbustadar med heildøgnsbemanning.
Me arbeider etter tillitsmodellen og det kan verte aktuelt å arbeide inne og ute.
Fylgjande er ledig:
Arbeidsoppgåver:
- Heilheitleg pleie og omsorg
- Helsefaglege oppgåver
- Oppgåver etter kompetanse og autorisasjon
- Primærkontaktoppgåve
- Helsefagarbeidar/Hjelpepleiar
- Lærlingar som skal ta fagbrev i vår 2026 oppmodast til å søkje.
- Bilsertifikat
Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Me ynskjer:- Deg med glede av å arbeide i eldreomsorgen
- Ein ny god kollega
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
803de839-1948-463c-bc3d-6b93764a933f
- Sist endret
17. februar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3594941_213017_nn
Lignende annonser
Fast stilling på Vossestrand
Arbeidsgiver
Voss herad Område nord
Sted
Vossestrand
Vernepleiar 100% fast stilling
Arbeidsgiver
Voss herad Lundhaugen omsorgsbustader
Sted
Voss
Sjukepleiar 100% fast stilling
Arbeidsgiver
Voss herad Voss sjukeheim langtidsavdelinga
Sted
Voss