Hopp til innhold

Sjukepleiar og Vernepleiar til Psykiatrisk klinikk og PBU Ungdomspost

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

Sted

Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Hatleveien 7D, 5038 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar og Vernepleiar til Psykiatrisk klinikk og PBU Ungdomspost
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Divisjon Psykisk helsevern.

For desse stillingane er det krav om HPR. Oppgi i søknaden i prioritert rekkefølge kva avdeling(ar) du søker. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke. 

Vil du vere med og vidareutvikle eit viktig og framtidsretta behandlingstilbod i psykisk helsevern? Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår!

Det er ledig 100% faste stillingar i Psykiatrisk klinikk. Kandidatar vil bli tilsett i Psykiatrisk klinikk, pt ved ein av desse avdelingane:  

*  Avdeling for stemningslidingarSeksjon S1 søker sjukepleiar eller vernepleiar, 2-delt turnus og 3. kvar helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke
*  Avdeling for stemningslidingar, Seksjon S6 søker sjukepleiar/vernepleiar/spesialsjukepleiar/spesialvernepleiar, 2-delt turnus og 3. kvar helg. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke
*  Kompleks Rehabilitering Sandviken (KRS) søker sjukepleiar eller vernepleiar, 2-delt langvaktsturnus 12,5 timers vakter, med arbeid kvar 4. helg
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge, PBU Ungdomspost har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar, 2-delt turnus og i snitt kvar 4. helg på Akuttposten

Oppstart i stillinga vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på linken i navnet. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.

For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.

 

*  Bemanningssenteret i Helse Bergen søker sjukepleiar/vernepleiar til 100% faste stillingar for oppdrag ved ulike avdelingar innan psykiatri og rus i sjukehuset.

Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss vil du få moglegheit til å jobbe på eit begrensa tal av avdelingar, og moglegheit til å lage din eigen årsturnus. Vi har fire fagdagar i året, møtepunkt kvar tredje veke og tett oppfølging av leiar og resten av teamet. Velkommen på laget :) 


Arbeidsoppgåver

Avdeling for Stemningslidingar tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar, blandingstilstandar og uavklarte tilstandar. Vi har to døgnseksjonar med totalt 23 døgnplassar.

Seksjon S1 er ein av dei to lukka døgnseksjonane med 8 ordinære døgnplassar og 3 psykiatriske instensivplassar. Den tverrfaglege behandlingen vi tilbyr blir individuelt tilpassa den einskilde pasient. Vi tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. Vi har om lag 70 fast tilsette, og behandlarteamet er sett saman av psykiatriske sjukepleiarar og vernepleiarar, helsefagarbeidarar, sosionom, psykiater, psykologspesialist, og lege i spesialisering (LIS1 og LIS3). S1 har eit godt og fagleg arbeidsmiljø, og søker deg som ønsker å bidra og ta del i å oppretthalde dette.

Vi søker ein sjukepleiar eller ein vernepleiar som skapar gode relasjonar til dei rundt seg, er ansvarsbevisst, fagleg nysgjerrig og som trivast i eit aktivt miljø med varierande utfordringar. 
Kontakt: Marte Bjørgve, Tlf. 55958712

Seksjon S6 har 12 sengeplassar. Målgruppa er i hovudsak pasientar med bipolar lidingar, depresjon, mani, affektiv psykose, blandingstilstandar og uavklarte tilstandar. Vi jobbar i tverrfaglege team som består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist. 
Kontakt: Jan Legreid, Tlf. 55958762

Seksjon for kompleks rehabilitering (KRS) er ein lukka seksjon med 8 døgnplassar fordelt på to pasientgrupper. Seksjonen er ein del av det som i framtida skal inngå i Nye Sandviken, eit område under utvikling med mål om å tilby heilskaplege og langsiktige behandlingstilbod til pasientar med samansette behov.

KRS har eit rehabiliteringstilbod med fokus på relasjonsbygging, meistring og overgang til bustad og daglegliv. Vi gir behandling til personar med psykoseliding og kompliserande tilstandar som rus og personlegdomsforstyrringar (6 plassar) og personar med kombinasjon av alvorleg psykisk liding og psykisk utviklingshemming og/eller utviklingsforstyrring (2 plassar).

Seksjonen arbeider tverrfagleg og har eit sterkt fokus på miljøterapi, ADL-trening, sansestimulering og musikkterapi som verktøy for kjensleregulering og meistring. Fysisk helse er ein integrert del av behandlinga, med tilgang til fysioterapeut og treningsfasilitetar. Stilling inneber gyldig politiattest iht Helsepersonelloven § 20a.
Kontakt: Susanne Karlsen, Tlf. 55958630

Kvalifikasjonar (overskrift)

PBU Ungdomsposten er ein 5 døgns utgreiings- og behandlingspost med kapasitet til 10 pasientar for ungdom mellom 13 og 18 år med ulike psykiske lidingar. Innlegging er primært basert på frivilligheit men posten er også godkjent for tvang. Dei tilsette på Ungdomsposten, arbeider i snitt kvar 4. helg på Akuttposten. Oppgåvene til Ungdomsposten er knytt til utgreiing, diagnostisering og utarbeiding/utprøving av tiltak og behandling. Ungdomsposten gir spesialisert helsetilbod til barn og unge med psykiske vanskar, og deira pårørande. Posten er tverrfagleg bemanna med miljøterapeutar med hovudvekt på sjukepleiarar og vernepleiarar, samt barnevernspedagogar og studentar innan helse- og sosialfag. På behandlarsida har vi barne- og ungdomspsykiatere, psykolog/ psykologspesialistar, - samt legar i spesialisering (LIS).

Vi søker ein erfaren, engasjert og fagleg dyktig medarbeidar. For å få ein variert balanse i personalgruppa oppfordrast menn til å søke. Vedkommande som får tilbod om tilsetting, må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Kontakt: Astrid Bjorøy, Tlf. 55975844 eller Ingunn Prestegard, Tlf. 55976399

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
  • Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
  • Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
  • Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten

Kvalifikasjonar
  • Du har eller vil få norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar ila vår/sommar 25
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
  • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad 

Vi tilbyr
  • Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorland.lovstad@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1
5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5051558381
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.01.2026

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

53fc6973-7f21-4d36-aa9a-3db811475304

Sist endret

5. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

72a6482517d547f9b40d9755dc422c96

Lignende annonser

Sjukepleiar/ Vernepleiar, 60% natt

Arbeidsgiver

Øyane Øyane distriktspsykiatriske senter/ allmennpsykiatrisk døgnbehandling, Helse Bergen HF

Sted

Straume