Førsteamanuensis II (20%) i musikkterapi ved Griegakademiet – Institutt for musikk
Universitetet i Bergen
Lars Hilles gate 3, 5015 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Førsteamanuensis II (20%) i musikkterapi ved Griegakademiet – Institutt for musikk
- Type ansettelse
- Åremål, deltid 20%
- Arbeidsspråk
- Skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. november
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAFørsteamanuensis
Ved Griegakademiet – Institutt for musikk er det ledig ei åremålsstilling/ekstraerverv, som førsteamanuensis II (20 %) innan musikkterapi. Tilsetjing er ønska frå 1. januar 2026 for ein åremålsperiode på 2 år.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Vi søkjer etter ein fagperson som kan bidra i undervisningsoppgåver i studieprogrammet Integrert master i musikkterapi. Aktuelle undervisningsområde er:
- Musikkterapiteori, inklusive humanistiske, ressursorienterte og kultursentrerte/bioøkologiske teoriperspektiv av relevans i norsk kontekst
- Kritisk teori, inklusive feministiske perspektiv på musikkterapi
- Musikkterapi i born og unges oppvekst, inklusive grunnleggjande utviklingspsykologi
- Musikkterapi i eldreomsorg, psykisk helse-feltet og rusarbeid
- Kvalitativ forskingsmetode og grunnleggjande vitskapsteori
Kvalifiserte søkjarar bør kunne rettleie masteroppgåver og andre oppgåver på masternivå. Samarbeid om ph.d.-rettleiing kan verte aktuelt.
Arbeidsoppgåver- Undervisning, rettleiing og eksamensarbeid
- Ansvar for undervisningsopplegg til dømes emneansvar i samsvar med studieplanar
- Rettleiing på BA og MA nivå
- Rekruttering av BA-, MA- og ph.d.-studentar, inkl. opptaksarbeid
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd doktorgrad innan musikkterapi eller dokumentert kompetanse som førsteamanuensis innan fagområdet. Det er ein føresetnad at avhandlinga er godkjent ved søknadsfrist.
Det er forventa at kandidaten har erfaring frå undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå.
Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også kunne måtte halde prøveførelesning for stab og studentar ved instituttet.
I tillegg vil det bli lagt vekt på:- Erfaring med undervisning på universitetsnivå.
- Organisatoriske evner og erfaring.
- Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.
- Gode samarbeidsevner, med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon.
- Arbeide sjølvstendig og strukturert, vere ansvarsbevisst, fleksibel og imøtekommande.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 ved tilsetting.
Arbeidsstad for stillinga er på campus i Bergen, og det vert forventa jamleg nærvær.
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø.
- Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) i årsløn kr. 757 600 – 798 000 brutto i året i 100% stilling. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Søknadsbrev der søkaren gjer greie for sin motivasjon for å søkje stillinga, og korleis eigne kvalifikasjonar og erfaringar er relevante for dei oppgåvene og krava som ligg til stillinga.
- Dokumentasjon på kompetanse som førsteamanuensis
- CV.
- Vitnemål og attestar.
- Fullstendig publikasjonsliste
- Dokumentasjon på undervisningserfaring.
NB. Søknader vil bli vurderte basert på informasjonen som er tilgjengeleg i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Dersom originale dokument ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må stadfesta omsetjingar bli lagt ved på eitt av desse språka.
Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Instituttleiar Randi Rolvsjord, mob. +47 97514878, e-post: randi.rolvsjord@uib.no
For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
52b150c1-255b-4096-8f04-f49b067b5943
- Sist endret
7. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10269450
Lignende annonser
Rådgjevar for HR-seksjonen ved Det medisinke fakultet
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
EVU-koordinator (seniorkonsulent) 100% ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen