Fakultetsdirektør ved Det psykologiske fakultet
Universitetet i Bergen
Alrek helseklynge, Årstadveien 17, 5009 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Fakultetsdirektør ved Det psykologiske fakultet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAFakultetsdirektør ved Det psykologiske fakultet
Vi har ledig stilling som fakultetsdirektør frå januar 2026, og søkjer ein strategisk og engasjert leiar som vil få ei nøkkelrolle i vidareutviklinga av fakultetet og bidra til å skape gode prosessar og ein inkluderande og framtidsretta organisasjon.
Fakultetsdirektøren er ein del av den strategiske leiinga ved fakultetet og samarbeider tett med dekanen, som er fakultetets øvste leiar. Direktøren rapporterer til universitetsdirektøren og deltek jamleg i møter saman med dei andre direktørane ved Universitetet i Bergen.
Det psykologiske fakultet er eitt av sju fakultet ved Universitetet i Bergen og tilbyr utdanning innan psykologi, helse, pedagogikk og globale spørsmål. Fakultetet har om lag 2500 studentar, er arbeidsplass for rundt 290 vitskaplege og administrative tilsette.
Vi ønskjer deg velkommen til å søkje ei spanande og samfunnsrelevant leiarstilling ved eit fakultet i sterk utvikling.
Arbeidsoppgåver:
Som fakultetsdirektør vil du leie fakultetsadministrasjonen, som består av om lag 35 medarbeidarar, og ha arbeidsgjevaransvar i tråd med gjeldande lov- og avtaleverk. Du vil ha ansvar for koordinering og oppfølging av fakultetets budsjett, forskings-og undervisningsaktivitetar, personalforvaltning og formidling. I samarbeid med dekanen vil du òg ha oppgåver med å førebu saker for fakultetsstyret og sikre at vedtak vert sette i verk.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Høgare utdanning på minimum mastergradsnivå
- Relevant leiarerfaring
- Kjennskap til universitets- og høgskulesystemet
- God arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- Gode leiar- og samarbeidseigenskaper med vekt på kommunikasjon og resultatansvar
- Evne til å vere utviklingsorientert, ta initiativ og tenke strategisk
- Erfaring med omstillings- og endringsprosessar er en fordel
- God skriftleg og munnleg framstillingsvene på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.
Vi tilbyr:
- Interessante og utviklande leiaroppgåver i eit inkluderande og spanande fagmiljø
- Løn som avdelingsdirektør etter kode 1060 i Statens lønsregulativ. Løn vert fastsett ved avtale.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: dekan ved Det psykologiske fakultet Stine Lehmann, tlf.: 901 70 173, eller universitetsdirektør Tore Tungodden, tlf.: 975 57 140.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen arbeider målretta for auka likestilling og legg vekt på mangfald i leiargruppene. Kunnskap om og resultat frå aktivt likestillings- og mangfaldsarbeid blir tillagt vekt ved rekruttering av leiarar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultetog tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d4138ee8-bdd2-45d7-b503-3beaaf6f5edc
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10266821
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen