Sjukepleiar/vernepleiar til stilling i Samnangerhjelpa
Samnanger kommune
Tyssevegen 217, 5650 Tysse
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/vernepleiar i Samnangerhjelpa
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. april
Om stillinga
I Samnangerhjelpa søker me etter ein dyktig psykisk helsearbeidar, entan sjukepleiar eller vernepleiar i 100 % fast stilling. Samnangerhjelpa er eit lågterskeltilbod for barn, ungdom, gravide, foreldre, familiar, og andre vaksne, slik at dei kan leve gode liv. Me tilbyr råd og rettleiing, individuell oppfølging og guppetilbod. Hjå Samanangerhjelpa blir alle møtt med varme og respekt av fagpersonar som vil lytte, og som kan gje råd og rettleiing. Saman vil me skreddarsy eit tilbod som er hjelpsamt for den enkelte. Denne stillinga er i hovudsak retta mot vaksne med utfordringar knytt til psykisk helse eller rus.
Stillinga er organisert under eining for livsmeistring som ligg under kommunalsjef for helse og omsorg.
Stillinga inneber i hovudsak dagarbeid, men det må påreknast å jobbe enkelte ettermiddag/seinvakter når behovet er der.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging og miljøtiltak for brukarar med psykiske og rusrelaterte utfordringar
- Følge opp medisinsk og miljøterapeutisk behandling
- Helsesamtaler
- Støttesamtaler
- Kartlegge fysisk og psykisk helse
- Lågterskeloppfølging og gruppetiltak
- Tverrfagleg samarbeid og deltaking i møtepunkter, undervisnings- og rettleiingsopplegg
- Delta i, og drifte dagsentertilbod
- Syte for tverrfagleg samhandling med kollegaer, fastlegar, spesialisthelsetenesta, pårørande og andre instansar
- Ivaretaking av pasient/brukar sine ressursar, og bidra til meistring og god livskvalitet
- Vere med og vidareutvikle tenesta i tråd med samfunnet si utvikling
- Medansvar for at eininga driv eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid
Kvalifikasjonar
Krav- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Vidareutdanning innan psykisk helse og rus, psykisk helsearbeid, familieterapi eller anna relevant vidareutdanning
- Gode ferdigheiter innan IKT
- Framandspråklege må dokumentera bestått B2
- Sertifikat og kunne disponere eigen bil
- Erfaring frå arbeid med personar med spesielle helseutfordringer
- Eit godt klinisk blikk og god observasjonsevne
- Kompetanse og erfaring innan psykisk helse og rus
- Erfaring frå personar med somatiske helseutfordringar
Personlege eigenskapar
- er tydeleg, raus og engasjert
- er opptatt av kvalitet og er fagleg oppdatert
- er løysingsorientert, meistrar stress og uventa situasjonar
- er lojal til arbeidsoppgåver, rammer og avgjerder som er gitt i tenesta
- har evna til å arbeida sjølvstendig, i team og tverrfagleg
- har gode datakunnskaper med evne til å arbeide systematisk og ryddig
- er organisert og strukturert
- personleg egnaheit vil bli vektlagt
Me tilbyr
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver der ingen dagar er like
- Moglegheit til å påverke og vere med å bygge ei ny avdeling
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø og god samarbeidsånd
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
50df043b-896f-4ecc-b301-9d97f5124039
- Sist endret
17. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10287451