Kommunepsykolog i Samnangerhjelpa
Samnanger kommune
Tyssevegen 217, 5650 Tysse
Om jobben
- Stillingstittel
- Kommunepsykolg
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. april
Om stillinga
Samnanger kommuner har ledig fast stilling som kommunepsykolog i Samnangerhjelpa med tiltreding snarast. Me er oppteken av å finne rett person og vil vere fleksibel i forhald til stillingsprosent, frå 50 % til 100 % stilling.
Samnangerhjelpa er eit lågterskeltilbod for barn, ungdom, gravide, foreldre, familiar og andre vaksne, slik at dei kan leve gode liv. Me tilbyr råd og rettleiing, individuell oppfølging og gruppetilbod. Hjå Samanangerhjelpa blir alle møtt med varme og respekt av fagpersonar som vil lytte, og som kan gje råd og rettleiing. Saman vil me skreddarsy eit tilbod som er hjelpsamt for den enkelte.
Samnangerhjelpa er organisert under eining for livsmeistring og kommunalsjef for helse og omsorg.
Arbeidsoppgåver
- styrke og sikre kompetansen i kommunen knytt til psykisk helse og livsmeistring
- bidra aktivt i det faglege utviklingsarbeidet i kommunen, då spesielt på systemnivå
- rettleiing av tilsette
- vere ein viktig ressurs og fagleg pådriver i utviklinga av Samnangerhjelpa
- bidra i psykososialt kriseteam
Kvalifikasjonar
Krav- Utdanna psykolog/psykologspesialist
- Psykologer i spesialisering kan kan vurderast
- Krav om norsk autorisasjon
- Gode skriftlige og muntlige fremstillingsevner på minimum B2 nivå
- Erfaring med tidlig innsats og tverrfagleg samarbeid
- Erfaring fra plan- og utviklingsarbeid
- Erfaring frå tilsvarande arbeid i kommunar
- Erfaring med gruppetilbod
- Erfaring frå ulike kliniske problemstillingar
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidevenar og løysningsfokusert tilnærming
- Personleg eignaheit vert lagt stor vekt på
- Ønskeleg at du er utadvendt, initiativrik og løysningsorientert og trivs med ansvar og utfordringar
Me tilbyr
- Motiverte og dyktige kollegaer
- Stor mulighet til å påvirke eigen arbeidskvardag
- Opplæring i fagsystem
- Interne og eksterne kurs
- Støtte/ tilrettelegging for relevant spesialisering
Et bredt fagmiljø med kompetente medarbeidere
Du må ha førerkort på bil. Ein må påberegne å benytte egen bil i tjenesten
- Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
- Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Fleksible arbeidstidsordningar
- Gode velferdsordningar
Arbeidstilhøve
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse, HR-dir. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden.
Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt JobbNorge.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I hjarta av gamle Hordaland, midt mellom Bergen og Hardanger, ligg Samnanger kommune som ein naturleg skjønnheit. Med relativ kort veg til både by- og naturopplevelsar, er Samnanger perfekt for deg som ønskjer både i pose og sekk. Kraftkommunen med sine 2 500 innbyggjarar er i vekst, og potensialet er stort. Me treng deg som ser dette potensialet og vil vera med på den spanande reisa vidare.
Helse og omsorg er ein sektor leia av kommunalsjef. Pleie og omsorg, helse, barnevern, NAV og flyktningetenesta er knytta til sektoren. Helse og omsorg har som mål å leggja til rette for tenester tilpassa den einskilde, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innholdsrikt liv.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4944d81a-1f6f-48c6-9a6a-1034a0a9af1a
- Sist endret
18. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10287449