Hopp til innhold

Overlege/Lege i spesialisering anestesiologi

Arbeidsgiver

ANESTESILEGER OG SMERTEPOLIKLINIKK ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Overlege/Lege i spesialisering anestesiologi
Oppstart
1. januar 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Ein av våre overlegar går mellombels over i ei anna stilling i helseføretaket. Vi søkjer derfor ein spesialist i anestesiologi til eit års vikariat som overlege ved Ålesund sjukehus. Ved internt opprykk kan det òg bli ledig vikariat for LIS 2/3. Stillinga er ledig frå 1. januar 2026, men annan startdato kan avtalast.

Stillingen ligger under Seksjon for anestesileger og smertepoliklinikk i Avdeling for akutt, operasjon og intensiv ved Klinikk Ålesund sjukehus. Vi har rundt 30 anestesileger og dekker fire vaktsjikt (primærvakt, bakvakt, flyvakt og helikoptervakt).

Vil du vere med å gjere ein forskjell for pasientane våre? Då håpar vi du søkjer!

Attestert tjenestebevis fra tidligere arbeidsgiver, og ev. annen relevant dokumentasjon må legges ved søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Ålesund sjukehus har ein kirurgisk og ein medisinsk intensivavdeling der anestesilegane har ansvaret for kirurgisk side med 10 sengar (3 reine intensivplassar) og intuberte medisinske pasientar. Sentraloperasjonen har 12 stover og har eit breidt spekter av operasjonar (uro, gastro, kar, endo, tann/kjeve, føde/gyn, ortopedi samt ein stove for mindre inngrep/undersøkelsar). På dagkirugen er det øyeoperasjoner, øre-nese-hals, samt gynekologi, ortopedi, bløtkirurgi og tannbehandling. Nedre grense for anestesi til barn hos oss er 3 månedar/5 kg.
  • I tillegg gir vi sedasjon/narkose i samband med ECT, MR og CT undersøkelsar, røntgen intervensjonar og elektrokonverteringar.
  • Anestesilege deltek i diverse akutteam på sjukehuset (stansteam, MET, traume og akutt barneteam). Som LIS har ein og ein 6 mnd rotasjon ved seksjonen sin smertepoliklinikk.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • For stilling som overlege må du i tillegg ha godkjent spesialitet innan anestesiologi
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du har gode samarbeidsevne
  • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Kristen Rasmussen, Seksjonsleiar, +47 48 00 49 11, Kristen.Rasmussen@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5047676324
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.01.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 22.12.2025

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4fdb0444-b273-4024-9658-5ea635b36a5f

Sist endret

23. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

d0305e9afe804083ab7d1d45566a2f06

Lignende annonser

Laster lignende annonser