Hopp til innhold

Overlege i radiologi

Arbeidsgiver

AVDELING FOR RADIOLOGI ÅLESUND OG VOLDA, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Overlege i radiologi
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 10. mai

Er du klar for å bli ein del av laget ved radiologisk avdeling ved Ålesund sjukehus?

Som overlege hos oss vil du ha ei nøkkelrolle i mange pasientforløp knytt til både diagnostikk og behandling, der du i tillegg deltek i vaktordning og bidreg i den akutte radiologiske beredskapen. Radiologi er eit fagområde i rask utvikling, og vi står midt i ei tid der ny teknologi gir oss heilt nye moglegheiter – noko du som overlege vil vere med på å forme og ta i bruk.

Ålesund sjukehus er det mest spesialiserte sjukehuset mellom Bergen og Trondheim. Hos oss får du brei erfaring med avansert diagnostikk og intervensjonar innan CT, MR, ultralyd og konvensjonell røntgen. Ved brystdiagnostisk senter har vi tett samarbeid mellom radiologi og kirurgi, og vi utfører både generelle og avanserte inngrep i vår moderne angio-/intervensjonslab.

Avdelinga har 8 LIS-stillingar og 13 overlegestillingar. Frå 2025 vil overlegestillingane utelukkande vere besette av eigne, faste tilsette. Overlegane utgjer ei inkluderande og fagleg sterk gruppe med høgt kompetansenivå. Fleire av legane har doktorgrad, og det ligg godt til rette for forskingsaktivitet for tilsette som ønskjer dette.
Vi ønskjer no å styrke laget med fleire engasjerte overlegar som også vil inngå i vaktordninga, og som kan bidra aktivt til både fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.

Kan dette vere noko for deg? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat eller eit besøk.

Vi har ledig 1 fast 100 % stilling som overlege med vakter. Oppstart etter avtale. Intervju skjer fortløpande.

Det er ønskjeleg med snarleg tilsetjing, men dersom du ikkje har høve før hausten 2026, oppmodar vi likevel til å sende søknad.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre og tolke radiologiske undersøkingar
  • Delta i vaktordning med tilstadeverande teneste 24/7
  • Bidra i akuttberedskap og handtering av akutte funn
  • Delta i tverrfagleg samarbeid med kliniske avdelingar for optimal diagnostikk og pasientforløp
  • Utføre og delta i intervensjonsradiologiske prosedyrar
  • Bidra til fagleg utvikling og kvalitetsarbeid i avdelinga
  • Rettleiing og supervisjon av LIS-legar
  • Delta i internundervisning og faglege møter
  • Bidra til forsking og utviklingsarbeid ved interesse
  • Roterer mellom ulike fagområde basert på kompetanse og behov

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialistgodkjenning i radiologi
  • Gode faglege kunnskapar innan generell radiologi og gjerne erfaring frå spesialområde som CT, MR, ultralyd eller intervensjon
  • Gode ferdigheiter i norsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og i team
  • Gode samarbeidsevner og evne til å bidra i eit tverrfagleg miljø
  • Interesse for fagleg utvikling, kvalitetsforbetring og eventuelt forsking
  • Fagleg engasjert med eit sterkt ønske om kontinuerleg utvikling
  • Fleksibel og løysingsorientert i ein travel kvardag
  • Bidreg aktivt til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Interesse for rettleiing og fagleg utvikling av kollegaer og LIS
  • Personlege eigenskapar som bidreg til eit godt arbeidsmiljø vert vektlag

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund:
Ålesundsregionen byr på eit rikt og variert liv mellom fjell og sjø, med fantastiske moglegheiter for friluftsliv. Byen har eit levande kulturliv, og flyplassen ligg om lag 25 minutt frå sjukehuset, med fleire daglege avgangar til både nasjonale og internasjonale destinasjonar. Les meir om Ålesund her.

Kontaktinformasjon

Gulay Kar, Avdelingssjef, gulay.kar@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5100824998
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Gulay Kar

Avdelingssjef

gulay.kar@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e53136e4-d33d-46f4-bbaa-d5884ca7fff5

Sist endret

27. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

871649c1c31a41ed9acd6d6c0fff5488

Lignende annonser

Laster lignende annonser