Hopp til innhold

Overlege i patologi

Arbeidsgiver

AVDELING FOR PATOLOGI, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Overlege i patologi
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk

Søk på jobben

Søk senest mandag 25. mai

Vil du jobbe i ei avdeling som er kjend for høg kvalitet, rask prøveflyt og eit godt arbeidsmiljø? Då oppmodar vi deg til å søkje jobb hos oss!

Ved Avdeling for patologi i Helse Møre og Romsdal HF har vi ledig ei fast 100 % stilling som overlege i patologi. Vi søkjer deg som ønskjer å vere med på å byggje opp eit sterkt fagmiljø innan patologi, og bidra til ei framifrå helseteneste for pasientane våre.

Avdelinga held til i Noregs vakraste by – Ålesund, og er organisert under Klinikk for diagnostikk, saman med andre laboratoriefag og bildediagnostikk. Avdelinga tek imot prøver frå både spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal. I 2024 svarte vi ut om lag 28 000 biopsiar, 20 000 cytologiprøver og gjennomførte 80 obduksjonar. Avdelinga har i dag tilsett 5 overlegar (1 konstituert) og 3 LIS, i tillegg bioingeniørar og sekretærar, til saman 34,6 stillingar. Vi tilbyr gode høve til fagleg utvikling og legg til rette for deltaking på relevante kurs.

Ønskjeleg oppstart for overlegestillinga er snarast, etter nærare avtale med avdelingssjef.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.  


Arbeidsoppgåver

  • Generell histologi- og cytologidiagnostikk (avdelinga har ikkje fagspesialisering)
  • Supervisjon innan patologisk diagnostikk og obduksjon

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Norsk autorisasjon som spesialist i patologi, eller vere i sluttfasen av spesialistutdanninga
  • Relevant erfaring og kompetanse innan fagfeltet vert vektlagt
  • Arbeidsspråket er norsk, men eit anna skandinavisk språk kan nyttast i ein overgangsperiode 

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og trivast i eit dynamisk miljø
  • Vilje til å bidra til både eiga og kollegaer si faglege utvikling
  • God arbeidskapasitet
  • Positiv og bidragsytande i arbeidsmiljøet

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Hilde Guttormsen, Avdelingssjef, hilde.guttormsen@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5124639564
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Hilde Guttormsen

Avdelingssjef

hilde.guttormsen@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

624bc3e8-fa03-4605-8161-321a6cd9a6f7

Sist endret

15. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

4d4dfe4bcc664a23b0eef310e0899fcf

Lignende annonser

Laster lignende annonser