Hopp til innhold

ALIS / Spesialist i allmennmedisin

Arbeidsgiver

Sykkylven Legesenter, Sykkylven kommune

Sted

Haugneset 20, 6230 Sykkylven

Om jobben

Stillingstittel
ALIS eller Spesialist i allmennmedisin
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 17. mai

VIKARIAT SOM FASTLEGE

Vi søkjer deg som ønsker å vere med på laget ved legesenteret i Sykkylven kommune.
Du får moglegheit til å velje mellom næringsdrift eller kommunal tilsetting. 

Vi har ledig eit vikariat frå 01.10.2026 til hausten 2028.
100% spesialist i allmennmedisin/ALIS

Sykkylven legesenter er kommunalt drive, og har 9 legeheimlar og LIS 1 lege. Eit team med dyktige legar og eit erfarent hjelpepersonell. Legevakta er eit interkommunalt samarbeid med Stranda kommune som omfattar 3 fast tilsette legevaktslegar og sjukepleiarar ved legevakt på kveld og helg. 

Legesenteret og legevakta er lokalisert i  nye lokaler i Sykkylven Helsehus saman med heimebasert omsorg og psykisk helse og rus. Vi har stort fokus på fagleg utvikling og samarbeid på tvers av avdelingar og einingar i kommunen. 

Ta deg gjerne tid til å kontakte oss så kan du høyre litt meir om kva for moglegheit du har som fastlege i Sykkylven, og kvifor vi ønsker å ha deg med på laget.

Arbeidsoppgåver

  • Generelle allmennmedisinske oppgåver, slik det følger lov, forskrift og avtaleverk
  • Det kan vere aktuelt med offentleg allmennmedisinsk legearbeid inntil 7,5 timar per veke
  • Tverrfagleg samarbeid mellom dei kommunale einingane
  • Deltakelse i helsestasjonarbeid
  • Deltaking  i legevaktsordning. Det er lav vaktbelastning med arbeid kvar 10. helg
  • Oppgaver knyttet til veiledning, supervisjon og undervisning for ALIS

Kvalifikasjonar

  • Har norsk autorisasjon som lege
  • Spesialist i allmennmedisin ferdig eller påbegynt.
  • Meistrar norsk munnleg og skriftleg og har god framstillingsevne (Oppnådd B2 nivå)

Personlege eigenskapar

  • Du er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer
  • Du har genuin interesse for mennesket og dets helse- og livssituasjon
  • Du har evne til utvikling og nytenking
  • Løsningsorientert og endringsvillig
  • Du er fleksibel
  • Personlig egnaheit vektleggas

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø
  • God kollegial støtte og samarbeid  
  • Dyktig hjelpepersonell
  • Kollegiale møter kvar veke med fagleg innhald og kvalitetsarbeid
  • Sykkylven kommune er registrert utdanningsverksemd
  • Næringsdrift/kommunal tilsetting
  • Låg vaktbelastning med arbeid kvar 10. helg
  • Lønn etter avtale
  • Nytt og framtidsretta lokale

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

 

Kontaktinformasjon

Kanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765, kanutte.roald@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 20
6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5086476549
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 17.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Kanutte Roald

Einingsleiar Helsehus

98876765

kanutte.roald@sykkylven.kommune.no

Om bedriften

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. 
Sjå meir frå Sykkylven
 her

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b9d7d47c-9a93-4eab-aa48-b92d42119061

Sist endret

5. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ad631541dfe04bb7aced621a9bcc72b0

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Legetjenester og akutt helseberedskap, Ålesund kommune

Sted

Ålesund