Hopp til innhold

Forskingsbioingeniør

Arbeidsgiver

Lab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB), Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Forskningsbioingeniør
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 24. februar

Vil du vere med og utvikle framtidas behandling – i eit framtidsretta laboratoriemiljø midt i vakker vestlandsnatur?

Helse Førde styrkjer satsinga på kliniske studiar, og vi søkjer no ein engasjert studiebioingeniør/bioingeniør i 100% engasjement ut året 2027

Bioingeniørstudentar på 3. året er velkomne til å søkje. 
Ved internt opprykk kan det bli ledig fast grunnstilling i laboratoriet – opplys gjerne i søknaden om dette er av interesse. 

75% av stillinga er knytt til arbeid som studiebioingeniør for laboratorieavdelingane. Som studiebioingeniør, blir du ein nøkkelperson i å bygge opp eit framtidsretta system for handtering av kliniske studiar. Arbeidet skjer i tett samarbeid med det tverrfaglege teamet for kliniske studiar i Helse Førde og laboratorieavdelingane patologi, mikrobiologi og LMBB. Dette arbeidet er viktig – kliniske studiar gjev pasientar over heile landet tilgang til ny behandling, og er sentrale for å drive medisinsk kunnskap framover. 

25% av stillinga er knytt til dagtidsarbeid ved Laboratoriet for medisinsk biokjemi og blodbank i Førde. Her blir du del av eit moderne og sosialt laboratorium med rundt 35 dedikerte medarbeidarar (bioingeniørar, helsesekretærar, legar og sjukepleiarar).


🌍 Kvifor Førde? 
-  Ein sjarmerande by med rikt kulturtilbod, butikkar, restaurantar og arrangement
-  Fantastisk tilgang til naturen: toppturar, skianlegg, båtliv og fiskemoglegheiter rett utanfor døra-  
-  Sentralt plassert mellom Ålesund og Bergen. Oslo er berre ein kort flytur unna.

🌟 Her får du:
-  Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø
-  Kollegaer som jamleg deltek på buldring, jogging, quizkveldar, kampsport og andre sosiale aktivitetar.
-  Ein arbeidsplass som trur på ein god balanse mellom arbeid og fritid. 

Er du klar for å ta steget? 
Ta gjerne kontakt for spørsmål om stillinga, og bli ein del av vårt team!
Vi gledar oss til å bli kjent med deg!

Startdato etter avtale. 
Sjå video for å bli kjent med oss: LMBB


Arbeidsoppgåver

  • Utarbeide og vedlikehalde prosedyrar for kliniske studiar for laboratorieavdelingane 
  • Bistå laboratoria i førebuing, oppstart og gjennomføring av kliniske studiar 
  • Bistå studiesjukepleiarar og legar med å kartlegge behov for laboratoriestøtte i planlegging og oppfølging av kliniske studiar ute i avdelingane 
  • Delta i prøvehandtering i laboratoria for dei kliniske forskingsprosjekta 
  • Delta i det tverrfaglege teamet for kliniske studiar og vere del av nettverket med studiesjukepleiarar 
  • Ansvar for lager og innkjøp av forbruksmateriale 
  • Systemansvar for LabVantage  
  • Lære opp og rettleie medarbeidarar 
  • Deltaking i rutinearbeidet i laboratoriet for LMBB (25 %) 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør  
  • Ønskeleg med erfaring frå laboratoriearbeid i sjukehus, medisinsk forsking og/eller biobanking 
  • Gode dataferdigheiter 
  • Må beherske norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg  

Personlege eigenskapar

  • Du trivst i team med andre 
  • Du kan jobbe systematisk og sjølvstendig  
  • Fagleg engasjement 
  • Fleksibel og løysingsorientert  
  • Du likar å rettleie andre, og spør sjølv om hjelp ved behov 
  • Ansvarsbevisst  

Vi tilbyr

  • Nødvendig opplæring og vidare kompetanseutvikling 
  • Trygg arbeidsplass med openheit og respekt, god kollegastøtte 
  • Eit spanande og dynamisk arbeidsmiljø  
  • Dagtidsarbeid 
  • Løn etter gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv (IA)-bedrift 

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kristina Apalseth Kalland, Avdelingssjef, (+47) 959 23 340

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5072856505
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 24.02.2026

Kontaktperson for stillingen

Kristina Apalseth Kalland

Avdelingssjef

(+47) 959 23 340

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4e2d0667-f493-4cf0-af2b-2e94d0aacf46

Sist endret

9. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

55d34fde6b704b19b754ac5c86da8be7

Lignende annonser