Hopp til innhold

Avdelingsleiar

Arbeidsgiver

Helse og Livsmeistring, Bygland Kommune

Sted

Sentrum 18, 4745 Bygland

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar Helse og livsmeistring
Oppstart
1. juni 2026
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 7. april

Brenn du for helse og livsmeistring, og ønskjer du nye utfordringar?

Avdeling helse og livsmeistring har ansvar for eit breitt spekter av tenester som styrkjer helse, meistring og livskvalitet i kommunen. Avdelinga omfattar habilitering og psykisk helse, fysioterapi, helsesjukepleiar- og skulehelseteneste, jordmor, rus og psykisk helse med dagtilbod, flyktningteneste, støttekontakt og avlasting, samt kommunal psykolog. Leiar har òg ansvar for det psykososiale kriseteamet.

 

No har me eit vikariat som avdelingsleiar for Helse og livsmeistring, og me treng deg som har leiarerfaring – eller som er nysgjerrig på om ei leiarstilling kan vere noko for deg. Me ser etter ein person med stor arbeidskapasitet, som trivst i ein travel kvardag og er svolten på nye utfordringar. Du må vere god med folk og ha evne til å rettleie, setje grenser og bidra til at medarbeidarane dine lukkast. 

 

Sidan me arbeider kontinuerleg med å utvikle og forbetre tenesta, er det viktig at du er positiv til endringar og har god gjennomføringsevne.


Du blir ein del av leiarteamet i Helse- og omsorgstenesta i Bygland kommune, som består av kommunalsjef, tre avdelingsleiarar og ein rådgjevar. Leiarteamet arbeider tett saman på tvers av avdelingane. Helse- og omsorgstenesta i Bygland kommune har totalt om lag 50 årsverk. Vi ønskjer å fokusere på kombinasjonen "varme hender" og velferdsteknologi slik at folk skal kunne bu der dei har lyst, lengst mogleg. Vikariatet er på eitt år, med moglegheit for forlenging.

 

Dette vikariatet er ei glimrande moglegheit til å prøve ut rolla som leiar – i eit fagmiljø der du får vere med på å utvikle framtidas tenester i Bygland kommune.

Arbeidsoppgaver

  • Avdelingsleiar har hovudansvar for brukarar, samt dagleg oppfølging av økonomi, personale og fag.
  • Rapporterer til kommunalsjef for helse og omsorg.
  • Turnusplanlegging.
  • Sakshandsaming.
  • Drive opplæring og rettleiing av tilsette.
  • Samhandling på tvers av avdelingar for å sikre eit heilhetleg pasientforløp.
  • Arbeide med kvalitetsforbetring.
  • Vere ein pådrivar for igangsette utviklings- og endringsprosessar

Kvalifikasjoner

  • Treårig bachelorutdanning innan helse- eller sosialfag, gjerne med relevant vidareutdanning.
  • God økonomiforståing og røynsle med budsjettstyring.
  • Gode digitale ferdigheter.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Ønskjeleg
  • Leiarutdanning og/eller leiarerfaring er ønskjeleg, men ikkje ei absolutt føresetnad.
  • Personlige egenskaper

    • Løysingsorientert med evne til å tenke nytt.
    • Evne og vilje til endring og evne til å motivere og skape fagleg engasjement.
    • Gode samarbeidsevner.
    • Stor arbeidskapasitet.

    Vi tilbyr

    • Ein triveleg arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver.
    • Pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse og KLP, samt gode personal- og skadeforsikringsordningar.
    • Lønn etter avtale.
    • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
    • Flotte uteområde med kort veg til både fjord og fjell.

     

    Regjeringa har innført ei ordning som gjev moglegheit for nedskriving av studielån for personar som bur og arbeider i ei distriktskommune.

     

    Før tilsetjing må det framleggjast gyldig politiattest som ikkje er eldre enn tre månader, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.

    Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om unntak frå offentleg innsyn. Søkjarar vil bli varsla dersom oppmodinga ikkje kan imøtekomast (jf. offentleglova § 25).

    Kontaktinformasjon

    Leif Sigurd Helle, Kommunalsjef, +4795052813

    Arbeidssted

    Sentrum 18
    4745 Bygland

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Bygland Kommune

    Referansenr.: 5087790447
    Stillingsprosent: 100%
    Vikariat
    Startdato: 01.06.2026
    Sluttdato: 30.06.2027
    Søknadsfrist: 07.04.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Leif Sigurd Helle

    Kommunalsjef

    +4795052813

    Om bedriften

    Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    4dcf993d-7298-4671-9e1f-2c90bedde70b

    Sist endret

    13. mars 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    855eb9bfc68f4253bf740f4aaddc8667

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser