Hopp til innhold

Sjukepleiar/Vernepleiar

Arbeidsgiver

Byglandsheimen tilsette, Bygland Kommune

Sted

4745 Bygland

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar/Vernepleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 13. april

Helse- og omsorgstenesta i Bygland kommune har om lag 50 årsverk. Eininga omfattar mange ulike fagområde, mellom anna sjukeheim, heimebaserte tenester (open omsorg), habiliteringstenesta, helsestasjon, jordmor, flyktningteneste, psykisk helse og rus, samt institusjonskjøkken. Tenesta har eit leiarteam som består av kommunalsjef for helse og omsorg, ein rådgjevar og tre avdelingsleiarar. Leiarteamet arbeider tett saman på tvers av avdelingane.

 

Bygland er i utvikling, og vi skal tilpasse oss morgondagens tenestebehov. Vi satsar på systematisk fagutvikling, meistring, velferdsteknologi og tillitsbasert leiing. Vi ønskjer å fokusere på kombinasjonen av «varme hender» og velferdsteknologi, slik at folk skal kunne bu der dei ønskjer, så lenge som mogleg. Kommunen er ein del av innovasjonspartnerskapet i Agder, som utviklar tenester der målet er at brukarane skal oppleve tryggleik og sømlause tenester i eigen heim og på institusjon.

 

Me treng dykk som er sjukepleiarar eller vernepleiarar, og som framleis er svoltne på nye utfordringar. Har du stor arbeidskapasitet og trivst med travle arbeidsdagar? Det er viktig at du er flink med folk, og at du har evne til å rettleie, setje grenser og gjere kollegaene dine gode. Fordi me er opptekne av å stadig forbetre og utvikle tenesta, må du og vere positiv til endringar.

 

Ei 80 % fast stilling som sjukepleiar. I perioden mai 2026 til august 2027 er stillinga eit svangerskapsvikariat som nattevakt. Deretter kan ho bli gjort om til tredelt turnus med arbeid 4. helg, turnusen består av både 9 og 12 timers vakter. Dersom ingen kvalifiserte sjukepleiarar søkjer, opnar vi for vernepleiarar.

 

Ved intern tilsetjing eller fortrinnsrett kan det bli ledig ei anna stilling i Bygland kommune.


Arbeidsoppgaver

  • Sjukepleiefagleg ansvar.
  • Inneha funksjon som skiftleiar på vakt.
  • Sikre dokumentasjon i samsvar med lovverket.
  • Vere primærkontakt for brukarar.
  • Fagleg ansvar, mellom anna iverksetjing, oppfølging og evaluering av tiltak.
  • Bidra med kompetansehevande kollegarettleiing, undervisning og rettleiing av andre tilsette, brukarar, pårørande og eventuelt andre som treng det.

Kvalifikasjoner

  • Offentleg godkjend sjukepleiar/vernepleiar med norsk autorisasjon. HPR‑nummer skal førast i CV.
  • God kjennskap til bruk av IKT.
  • Tilfredsstillande norsk kunnskapar med god evne til å formidle både skriftleg og munnleg.
Det er ønskjeleg med:
  • Førarkort klasse B.
  • Erfaring frå kommunehelsetenesta.

Tilfredsstillande politiattest er ein føresetnad for tilsetjing. Denne skal ikkje leggjast ved søknaden, men må leverast snarast mogleg etter tilbod om tilsetjing, og før ein tek til i stillinga.

Personlige egenskaper

  • Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
  • Gode samarbeidsevner – du er flink til å skape gode relasjonar og liker å jobbe i team.
  • Evne til å opptre sjølvstendig, er initiativrik og fleksibel, ser kva som må gjerast og får det gjort.
  • Du er utviklingsorientert, analytisk, ryddig, resultatorientert og kvalitetsbevisst.

Vi tilbyr

  • Eit stimulerande og godt arbeidsmiljø med gode utviklingsmoglegheiter.
  • Meiningsfylte arbeidsoppgåver i samarbeid med trivelege og kompetente medarbeidarar.
  • Tarifflønn og eit rekrutteringstilskot (Grunnløna etter reell ansiennitet, pluss rekrutteringstilskotet, blir lik grunnløna til ein arbeidstakar med full ansiennitet).
  • Kompensasjonstillegg for nattevaktstilling.
  • Medlemskap i KLP.
  • Vilkår elles i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og regulativ.
  • Vi kan i tillegg tilby å dekkje delar av kostnader ved flytting til Bygland, samt moglegheit for å leige ei nybygd og moderne pendlarbustad for ein tidsavgrensa periode.
  • Regjeringa har innført ei ordning som gjev moglegheit for nedskriving av studielån for personar som bur og arbeider i ei distriktskommune.

Kontaktinformasjon

Sofie Oliegreen, Avdelingsleder helse, +4794189036

Arbeidssted


4745 Bygland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bygland Kommune

Referansenr.: 5099552272
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 13.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Sofie Oliegreen

Avdelingsleder helse

+4794189036

Om bedriften

Bygland kommune ligg midt i Setesdal. Kommunen har omlag 1200 innbyggjarar og framifrå tilhøve for friluftsliv ved fjord og fjell. Her er gode oppvekstvilkår og eit godt tenestetilbod. Vi tilbyr våre tilsette spennande arbeidsplasser der kommunen sine verdiar – stolt, truverdig, framsynt, løysingsorientert og lojal - står i fokus. Bygland kommune har nynorsk som offisiell målform.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

48b78780-6a8a-4ed8-825f-ff4521f1eb20

Sist endret

27. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

83a0240eea6b48fc8bcbd6101ea0c90c

Lignende annonser

Laster lignende annonser