Hopp til innhold

Lærarar på barne- og ungdomstrinnet + fagarbeidar/assistent, Sagatun skule

Arbeidsgiver

Sogndal kommune Sagatun skule

Sted

Dalavegen 2, 6856 Sogndal

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest fredag 20. mars

Velkomen til fagre Sogn, her får du i både pose og sekk! Her kan du kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnader. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Kommunen har om lag 12 000 innbyggjarar og er regionsenteret i Sogn. Den er stor nok til mangfald, og liten nok til å gje oversikt, tryggleik og nærleik til det meste. Sogndal kommune har om lag 1150 medarbeidarar, og me satsar no på auka digitalisering som skal fornya, forbetre og forenkle tenestene me tilbyr.

Sagatun skule i Balestrand er ein kombinert barne– og ungdomsskule, 1.-10. klasse, med ca. 120 elevar. Me vektlegg at alle skal møtast med respekt og med ei positiv haldning som gjer at vi skapar eit godt, motiverande og trygt læringsmiljø for elevane, og eit utviklande og spennande arbeidsmiljø for dei tilsette.

Fjordperla Balestrand ligg midt i Sognefjorden mellom tre fjordarmar og har eit spektakulært lys. Bygda er verdskjend blant nasjonale og internasjonale kunstnarar, fjellfolk og musikarar. Her har eventyrarar blitt ønska hjarteleg velkomne i generasjonar.

Sagatun skule ligg sentralt i Balestrand og  har eit stort uteområde. Rundt oss har vi flott og mektig natur som vi har gleda av å nytta kvar dag. Skulen ligg heilt oppe i skoggrensa, med gode moglegheiter for å bruke naturen inn i undervisninga.

Badelaguna, Balasletta og Kong Bele, flotte skogsløyper, stor fotballbane og klatrepark, dragehus og kunst er noko av det som vi har rundt oss. Sentrum med butikkar, hotell, akvarium er også få minuttar unna.

Me treng deg som vil ta i vare barn og ungdommar som har kvardagen sin på skulen, i tillegg til at du møter elevane med respekt og positivitet. Sogndal kommune er oppteken av samarbeid og erfaringsutveksling for å sikre god kvalitet og utvikling for alle elevane i den langstrakte kommunen vår.  

Ledig vikariat hjå oss for skuleåret 2026/27: 100 %  undervisningsstilling for lærar på ungdomsskulen og barnetrinnet, med ynskje om fagkompetanse i matematikk og naturfag.

Ledig engasjement hjå oss for skuleåret 2026/27: Omtrent 85 % undervisningsstilling for lærar på ungdomsskulen, med ynskje om kompetanse i norsk og ukrainsk/russisk. Det er ein fordel viss læraren har kompetanse i spesialundervisning.

Inntil 60 % fagarbeidar/assistentstilling, der personen meistrar norsk og ukrainsk.

Lærar: Me søkjer relasjonssterke, utviklingsorienterte og inkluderande lærarar med godt humør og som har undervisningskompetanse for ungdomsskule, der matematikk og naturfag går inn som ein del av fagkombinasjonen. Erfaring med framandspråklege elevar er ein styrke. Det vil bli lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar.

Arbeidsoppgåver:
Den viktigaste oppgåva di vil bli å møte mangfaldet på skulen med tryggleik og profesjonalitet. 

  • Følgje opp elevar i deira læringsmiljø.
  • Planlegge og gjennomføre opplæring.
  • Vere ein trygg og tydeleg klasseleiar.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. 
  • Kjennskap til bruk av digitale læremiddel i opplæringa.  
  • Samarbeide med andre aktuelle instansar.  
Personlege eigenskapar me ser etter:
  • Eit framtidsretta syn på læring og pedagogikk  med evna til å sjå teori og praksis i samanheng.  
  • Har evne til å laga system og arbeide strukturert, tydeleg og målretta 
  • Har god samarbeidsevne 
  • Har gode relasjonar til elevar, tilsette og samarbeidspartar 
  • Kan arbeide effektivt, nøyaktig og sjølvstendig 
  • Har evne til å spreia motivasjon og arbeidsglede 
  • Fleksibel, tilpassingsdyktig og har evna til  å handtere nye utfordringar 

Me legg stor vekt på personlege eigenskapar og ser etter deg som er positiv, engasjert og samarbeidsvillig.

Me tilbyr:
  • Ein jobb som vil utfordre deg samtidig som den vil gi deg mykje.  
  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode velferdsordningar
  • Løn etter gjeldande kvalifikasjonar og avtaleverk 
  • Arbeidstida til lærarar følgjer skuleruta og planleggingsdagane for dei tilsette som er sett for kommunen
  • For assistentar og fagarbeidarar; vanleg arbeidsår med fem veker ferie.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkje jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, EasyCruit.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Gudrun Kjartansdottir

99229733

gudrun.kjartansdottir@sogndal.kommune.no

Om bedriften

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4d167f60-d145-486e-8be9-cc6964fc62d7

Sist endret

2. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3601393_195915_nn

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Luster kommune Hafslo barne- og ungdomsskule

Sted

Hafslo

Arbeidsgiver

Luster kommune Luster oppvekstsenter

Sted

Luster