Lærar
Luster kommune Hafslo barne- og ungdomsskule
Tangvegen 7, 6869 Hafslo
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. mars
Hafslo barne- og ungdomsskule ligg vakkert plassert ved Hafslovatnet, i Hafslo sentrum, som ligg 15 min frå kommunesenteret Gaupne og 15 min frå regionsenteret Sogndal. Skulen er i dei siste åra modernisert, og framstår som ein ny og moderne skule.
Skulen er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 220 elevar og 50 tilsette som er pedagogar, miljørettleiarar/fagarbeidarar og assistentar. Kvar tysdag kjem elevar frå mellomtrinnet på Veitastrond og Solvorn for å delta i aldersblanda undervisning på Hafslo. Elevane frå Veitastrond og Solvorn kjem til Hafslo for å gå på ungdomsskulen f.o.m. 8. klasse. I SFO er det i overkant 70 born.
Skulen vår er ein lærande organisasjon, der me er Lærarutdanningsskule for Høgskulen på Vestlandet. Som lærarutdanningsskule bidreg me aktivt i praksisutveksling og kunnskapsutvikling. Skulen sin visjon er at me står saman for ein trygg oppvekst i eit aktivt og inkluderande læringsmiljø. Skulen er sertifisert som dysleksivennleg skule. Me jobbar etter PALS modellen der stikkorda ansvar, omsorg og respekt er viktige verdiar. HBUS er oppteken av fysisk aktivitet og har lang tradisjon med å nytte den flotte naturen skulen har lett tilgjenge til. http://www.luster.kommune.no/framside.257264.nn.html
Ledige pedagogstillingar frå august 2026:- Inntil 180 % faste stillingar knytt til ungdomsskulen med kontaktlærarfunksjon og faga matematikk, naturfag og spesialpedagogikk
- Inntil 300 % som årsvikariat knytt til kontaktlærarfunksjon mellomtrinn, basisfag, mat og helse, kunst og handverk, og musikk på både mellomtrinn og ungdomsskulen
Kvardagen hjå oss:
- Som lærar på HBUS får du ein variert arbeidskvardag
- Ein må kunne undervise i aktuelle fag på både barne- og ungdomsskulen, utføre oppgåver i tråd med gjeldande regelverk og kunne ta på seg rolla som kontaktlærar
- Me kan òg tilby rolla som praksislærar viss ein har rettleiingsutdanning
- Arbeide for eit trygt og godt skulemiljø i tett samarbeid med kollegaer, elevar og elevane sine heimar
- Kontaktlæraransvar på mellomtrinnet og ungdomsskulen
- Faglærar i praktisk estetiske fag på mellomtrinn og ungdomsskule
- Klasseleiing
- Tilsyn med elevar inne og ute
- Loggføring og samarbeid på skulen sine digitale plattformar
- Samarbeid med kollegaer og føresette
- Delta og bidra i utviklingsarbeid ved skulen
- Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
- Me ynskjer gode klasseleiarar og helst med erfaring frå klasserommet
- Må ha kvalifikasjonar som tilfredsstillar kompetansekrava for å undervise i 5. – 10. kl. Difor må søkjarane ha studiekompetanse på 60 studiepoeng i eitt eller fleire av basisfaga og 30 studiepoeng i andre fag, spesielt ønskjeleg innan mat&helse, kunst&handverk og musikk
- Me legg vekt på personlege eigenskapar
- Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
- Planleggje og leie elevane si læring, både individuelt og i team
- Delta i teamsamarbeid og vere samarbeidsfokusert
- Engasjement for, og evne til, å samarbeide med elevar, kollegaer og føresette for å skape eit trygt og godt læringsmiljø
- Evne til å sjå barna, møte dei med ope sinn og gje dei meistring
- Fleksibilitet- vere løysningsorientert i ein hektisk kvardag
- Ta ansvar, syne omsorg og respekt for kvarandre
- Evne til sjølvstendig arbeid
- Teamsamarbeid med fokus på kvarandre sine styrker. Ingen skal stå åleine i utfordringane
- Eit utviklande fagmiljø som er flinke til å samarbeide og dele med kvarandre
- Arbeidsplass i opent kontorlandskap
- Klasseteam der ein samarbeider tett
- Gode og romslege lokalitetar både inne og ute
- Indre Sogn sitt flottaste personalrom
- Nyutdanna og nytilsette vert godt ivaretekne med nedsett leseplikt og mentor
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Nedskriving av studielån
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2112ace7-aba3-43db-8356-1adc6612f958
- Sist endret
3. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3601127_219717_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Luster kommune Luster oppvekstsenter
Sted
Luster
Arbeidsgiver
Luster kommune Luster ungdomsskule
Sted
Gaupne
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Sagatun skule
Sted
Sogndal