Hopp til innhold

Ferievikar helse og omsorg

Arbeidsgiver

Helse og omsorg i Sande kommune

Sted

Presegardsvegen 31, 6084 Larsnes

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikar helse og omsorg
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest lørdag 28. februar

Alle einingar i Helse og omsorg treng ferievikarar. Har du fagkompetanse eller erfaring frå helse og omsorg? Ønsker du å ha ein meiningsfylt jobb i ferien? Då inviterer sektor for helse og omsorg deg til å søkje som ferievikar. 

Helse og omsorg har fire einingar. Desse er heimetenesta, institusjon, bu og habilitering samt helse og koordinerande eining. Vi treng ferievikar ved legekontoret, Sandetun omsorgssenter, insitusjonskjøkken, heimetenesta, praktisk bistand (heimehjelp), samt bu og habilitering.

Hovudferien vert avvikla mellom veke 25 og 32. Behovet for vikarar er allereie frå veke 24. Det er mogleg å arbeide heile eller delar av perioden. I søknaden ber vi deg skrive når du vil jobbe og når du eventuelt treng fri i sommar. I søknaden kan du også skrive om du har ønsker for kva avdeling eller type arbeid som er aktuelt. Søknadane vert vurderte ut i frå behov, ønske og erfaring. 

Studentar i relevant utdanningsløp vert oppmoda om å søkje.


Arbeidsoppgåver

Som ferievikar skal du utføre oppgåver inn mot brukarar og pasientar.
Arbeidsoppgåvene vert tilpassa stillinga du får tilbod om.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter:

  • kokk
  • helsefagarbeidar
  • sjukepleiar
  • vernepleier
  • bioingeniør
  • helsesekretær
  • pleiemedarbeidar
  • kjøkenassistent
  • andre med sosialfagleg utdanning

Du bør helst fylle 18 år i 2026.
For å arbeide i heimetenesta må du ha førarkort klasse B.
Studentar i relevant utdanningsløp vert oppmoda om å søkje.
Godkjent politiattest må leggast fram før du startar i stillinga.

Personlege eigenskapar

Du må

  • ha interesse for å arbeide med menneske
  • vere ansvarsbevist og sjølvstendig
  • samarbeide godt med andre
  • ha lyst til å lære
  • vere fleksibel og omsorgsfull
  • bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • ein spennande og utfordrande sommarjobb
  • eit triveleg arbeidsmiljø
  • læring og erfaring
  • tilsetjing i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale
  • studentar i relevant utdanningsløp får tillegg i løn

Kontaktinformasjon

Wenche Brit Thorseth, Einingsleiar helse og koordinerande eining, 91625895
Sjur Strandbakken, Einingsleiar bu og habilitering, 99768269
Kari Johanne Skarmyr, Einingleiar heimeteneste, +47 95918965
Camilla Økland Higraff, Fungerande einingsleiar institusjonsteneste, 97642733

Arbeidsstad

Presegardsvegen 31
6084 Larsnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sande kommune

Referansenr.: 5065528144
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 28.02.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Camilla Økland Higraff

Fungerande einingsleiar institusjonsteneste

97642733

Kari Johanne Skarmyr

Einingleiar heimeteneste

+47 95918965

Sjur Strandbakken

Einingsleiar bu og habilitering

99768269

Wenche Brit Thorseth

Einingsleiar helse og koordinerande eining

91625895

Om bedriften

Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4cfb9c4c-fbfd-4e66-9b6b-e91d4b3ee42d

Sist endret

27. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

04ed0f4194394aa98ad211f1b3f70841

Lignende annonser