Hopp til innhold

Ferievikar i heimeteneste og sjukeheim

Arbeidsgiver

Hareid kommune, Eining for heimetenester

Sted

Teigevegen 55, 6060 Hareid

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikar i heimeteneste og sjukeheim
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 30. mars

Vi ser etter deg som har fylt 18 år og vil vere ferievikar i perioden 22. juni – 16. august. 
Har du fagkompetanse eller erfaring frå arbeid innan helse og omsorg? Eller kanskje ønsker du å prøve ut om dette arbeidet kan passe deg? Er du sjukepleiar, helsefagarbeidar, pleiemedarbeidar, miljøterapeut, student eller vil arbeide som pleiemedarbeidar/assistent? Då er du velkomen som søkar! 
Vi ber om at du skriv i søknaden kva stillingsstørrelse og i kva eining du ønskjer å arbeide i, og i kva tidsrom du kan jobbe. Vi vil prioritere deg som kan arbeide i juli og august månad. 


Arbeidsoppgåver

Du kan få helse- og omsorgsoppgåver etter kva du har kompetanse til og er kvalifisert for i sjukeheim, omsorgsbustader og private heimar (heimetenesta).

Kvalifikasjonar

  • sjukepleiar/vernepleiar
  • helsefagarbeidar
  • miljøterapeut, barnevernspedagog/sosionom 
  • pleiemedarbeidar med erfaring innan pleie/omsorg
  • personleg assistent
  • student i relevante helsefag

    Godkjend politiattest av ny dato må leverast før du kan starte i arbeid. Det er krav om at du har førarkort klasse B for arbeid i heimetenesta. 

Personlege eigenskapar

Vi legg vekt på at du er positiv, arbeidsglad, sjølvstendig og ansvarsbevisst. Du samarbeider godt, og skaper gode relasjonar til menneska kring deg. Du må kunne arbeide sjølvstendig med vekt på gode tenester til pasientane, og samarbeide godt med kollegaer og med andre einingar. 

Vi tilbyr

Vi tilbyr eit godt fagmiljø, pasientkontakt og gode kollegaer. Arbeid i turnus, dag/kveld og/eller natt.

Vi ønsker god kontinuitet både for pasientar og tilsette i ferieavviklinga, håpar derfor at du kan arbeide store delar av perioden. Dersom du er kjend vikar hos oss, og jobbar 80 prosenet og annakvar helg i meir enn fire veker i ferieperioden, vil du få moglegheit til å inngå avtale om bonus på 3000 kroner per ekstra veke utover fire veker. Studentar i relevant studieløp får løn etter kommunens eiga lønsplassering. 
Tilsetting skjer på vanleg kommunale villkår.

Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga. 

Kontaktinformasjon

Sutharsiny Satheeskumar, Einingsleiar, +47 46801312

Arbeidsstad

Teigevegen 55
6060 Hareid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Hareid kommune

Referansenr.: 5071526988
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 30.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Sutharsiny Satheeskumar

Einingsleiar

+47 46801312

Om bedriften

GODE TENESTER - GLADE TILSETTE

Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette. 

Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår. 

Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.

Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.

Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.

Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.

Jobbe hjå oss - Hareid kommune

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f7ace064-219c-4c92-b98b-1dcb3c6ff131

Sist endret

11. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

201140af98da447cbdb3ae4d06e1955e

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Hareid kommune, Bu og habilitering - Reina

Sted

Hareid