Hopp til innhold

Skipsførar i sambandet Lote - Anda, p.t. MF Gloppefjord 

Arbeidsgiver

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

6778 Lote

Om jobben

Stillingstittel
Skipsførar i sambandet Lote - Anda, p.t. MF Gloppefjord
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 13. mai

 

Fjord1 har ledig stilling som skipsførar på sambandet Anda-Lote, p.t. MF Gloppefjord

Som skipsførar vil du ha ei sentral rolle for å sikre trygg og effektiv drift av sambandet. Dette er ei stilling med ansvar og moglegheiter til å å påverke den daglege drifta av fartøyet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving, og du vil ha tett dialog med både kollegaer ombord og på land. 
Hos Fjord1 får du ein spennande arbeidskvardag i eit framtidsretta selskap med moderne fartøy, fokus på miljø og teknologi, konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.     

                 
Skiftordning med 2 veker på og 3 veker fri. Mannskap bur på hybel i arbeidsperioden. 

Oppstart etter avtale


Arbeidsoppgåver

Oppgåver i samsvar med stillingsinnstruks for skipsførar, med særskilt fokus på:
  • Sikkerheitsstyring
  • Energileiing
  • Ansvarleg for teknisk og operativ sikkerheit
  • Ansvarlig for personleg tryggleik
  • Ansvarleg for miljømessig tryggleik
  • Skipsførar er leiar om bord
  • Økonomi og bemanning

Kvalifikasjonar

  • Minimum D3-sertifikat 
  • GMDSS/ROC-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Vi leiter etter ein kompetent og ansvarleg skipsførar med solid erfaring innan maritime operasjonar og ledelse. Du bør ha ein sterk forståelse for sikkerheitsprosedyrer, gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å ta raske beslutningar i krevande situasjoner. Som skipsførar vil du sikre trygg og effektiv drift, samt inspirere og lede mannskapet om bord. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad. 

  • Vi tilbyr

    • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
    • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
    • Attrakive velferdsordningar; firmahytter, leiligheter og gode rabattordningar. 
    • Behandlingsordning
    • Skiftordning: 2 veker på, og 3 veker av.

    Kontaktinformasjon

    Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, sigrunn.hellebust@fjord1.no

    Arbeidsstad


    6778 Lote

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Fjord1 AS

    Referansenr.: 5120826210
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 13.05.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Sigrunn Hellebust

    Rekrutteringsmedarbeider

    sigrunn.hellebust@fjord1.no

    Om bedriften

    Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

    Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

    Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

    Sektor

    Privat

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    49b5931a-d50d-4dbf-8d0e-201af56bae19

    Sist endret

    28. april 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    97826918712a41b48c34bf0f5b53970a

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser