Hopp til innhold

Maskinsjef Stårheim-Isane, pt. MF Selje

Arbeidsgiver

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

Kleivavegen 30, 6777 Stårheim

Om jobben

Stillingstittel
Maskinsjef i sambandet Stårheim-Isane, p.t. MF Selje
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Skandinavisk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 27. april

Fjord1 har ledig stilling som maskinsjef på sambandet Isane-Stårheim. 

Turnus: Døgnskift med 2 veker på, 1 veke av. Deretter 2 veker på, 3 veker av. Ein fleksibel og familievennleg turnus. Vi tilbyr også konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.

Fjord1 er eit framtidsretta selskap med fokus på miljø og teknologi. Frå 2027 kjem ei nyare ferge inn, og sambandet går over på elektrisk drift. Du får dermed moglegheita til å vere med på ein spennande overgangsfase. 

    Søkar bør bu innan ein time frå sambandet. 


    Arbeidsoppgåver

    • Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen.
      Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
    • Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
    • Arbeidet omfattar opplæring av personell, oppdatering av vedlikehaldsdokumentasjon og reservedelsoversikt, samt budsjettering og bestilling av teknisk utstyr. Du skal føre dagleg oversikt over forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn, og sikre at maskindagbøker og stoffkartotek er oppdaterte. Reinhald og brannførebygging inngår også i ansvarsområdet.

    Kvalifikasjonar

    • Minimum M3-sertifikat
    • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
    • Krise- og passasjerhandtering
    • Gyldig helseerklæring
    • Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig

    Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer ein sjølvstendig, og løysningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande.
  • Vi tilbyr

    • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Offisersforbund
    • Skiftordning: Døgnskift - 2 veker på, og 1 veke av/2 veker på, og 3 veker av
    • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
    • Gode velferd og- pensjonsordningar

    Kontaktinformasjon

    Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.no

    Arbeidsstad

    Kleivavegen 30
    6777 Stårheim

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Fjord1 AS

    Referansenr.: 5110934268
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 27.04.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Jonas Hovland

    Rekrutteringsrådgiver

    +47 90210232

    jonas.hovland@fjord1.no

    Om bedriften

    Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

    Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

    Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

    Sektor

    Privat

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    009479f7-b3c1-4e78-94fe-ddf1dc6b9010

    Sist endret

    10. april 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    6038104031ab4f65af4f356a967d4f53

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser