Hopp til innhold

Miljøarbeidar Haugen bufelleskap, 73% mellombels stilling

Arbeidsgiver

Tysnes kommune

Sted

Uggdalsdalen 21, 5685 Uggdal

Om jobben

Stillingstittel
Miljøarbeidar Haugen bufelleskap (mellombels stilling)
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 20. mai

Vil du vere med og skape ein meiningsfull kvardag for andre?

Er du ein person som ser moglegheiter, har godt humør og ønsker å bidra til ein trygg og meiningsfull kvardag for menneske med utviklingshemming?

Haugen bufelleskap er ein heim for menneske med utviklingshemming. Bufellesskapet er døgnbemanna og har dyktige tilsette med ulik fagbakgrunn. Me støttar brukarane i å meistre daglege gjeremål, delta på dagsenter eller i arbeid, og vere med på ulike fritidsaktivitetar.

Som medarbeidar hos oss bidreg du til at bebuarane får ein meiningsfull og innhaldsrik kvardag i tråd med lovverk, faglege metodar og etiske retningsliner. Du vil bistå dei som bur her både i praktiske og sosiale gjeremål.

No søker me etter ein kollega i 73 % mellombels stilling, ledig i perioden 01.08.2026-31.07.2027. Stillinga inneber arbeid i to-delt turnus med helg. 


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og utføre tiltak og prosedyrar med fokus på målretta miljøarbeid. 
  • Yte individuell oppfølging tilpassa den enkelte brukar sine behov.
  • Legge til rette for brukarmedverknad og sjølvbestemming med fokus på brukar si eiga mestring og 
    utvikling. 
  • Legemiddelhandtering etter gjevne retningslinjer. 
  • Delta på fagmøter og andre kompetanseaukande tiltak.
  • Samarbeid med pårørande, verge og andre faggrupper. 
  • Journalføring og arbeid opp mot gjeldande lovverk. 

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar.
  • Personar utan formell kompetanse kan bli vurdert opp mot personlege eigenskapar og erfaring. 
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. 
  • Gode kommunikasjon- og samhandlingsevner. 
  • Grunnleggjande datakunnskapar. 

Ønskelege kvalifikasjonar:

  • Erfaring og interesse frå arbeid med brukargruppa er ein fordel.
  • Førarkort klasse B.

Ved ei eventuell tilsetjing må du leggja fram: 

  • Politiattest, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4. 
  • Eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose.

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som: 

  • har ei profesjonell tilnærming til arbeidet og evne til å bruke kunnskap i praksis. 
  • er engasjert, ansvarsfull og målretta i oppfølginga av bebuarane.
  • er fleksibel, initativrik og oppteken av å bidra til godt samarbeid med bebuarar, kollegaer og pårørande. 
  • trivst med utfordringar, og er løysingsorientert.
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø.

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.


Kvifor skal du jobba hos oss?

Dersom du blir motivert av å jobbe ein stad der me saman gir gode tenester og skapar verdige rammer for bebuarane våre, trur me du vil trivast hos oss. Du får høve til å jobbe med eit viktig og meiningsfullt samfunnsoppdrag, og du blir ein del av eit kunnskapsrikt og inkluderande arbeidsmiljø. Me legg vekt på fagleg utvikling, kunnskapsdeling og kvalitet i arbeidet. Du får god opplæring og ein variert, engasjerande og lærerik arbeidskvardag.

Som tilsett i Tysnes kommune får du medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse, med svært gode pensjonsvilkår og moglegheit for gunstige bustadlån. 

Stillinga er lønsplassert i kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Lønna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar, og somme år blir det òg sett av ein pott til lokale justeringar.

I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026.
Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.

Synes du dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsen.


Informasjon til søkar

Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar. 

Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.

Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.

Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Vi ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.


Kontaktperson for stillingen

Ida Kristine Kleppe Haaland

Avdelingsleiar Haugen bufelleskap

+47 90248052

Ida.Kristine.Kleppe@tysnes.kommune.no

Om bedriften

Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!

Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggande senter utanfor Bergen. Spør du oss, er dette den beste kommunen i verda å vekse opp i. Når vi tel både store og små, er vi i dag om lag 3000 godlynte innbyggarar i Tysnes.

Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.

Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Vi er opptekne av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

49b56087-2450-4b09-ad58-e6933962132b

Sist endret

30. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10293832

Lignende annonser

Laster lignende annonser