Miljøarbeidar
Avdeling for tilrettelagt opplæring, Askøy videregående skole, Vestland fylkeskommune
Søre Myrane 13, 5300 Kleppestø
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. juni
Askøy vidaregående skule har omlag 700 elevar og 120 tilsette. Skulen ligg på Myrane ved Kleppestø, med gode offentlege kommunikasjonar til alle delar av Askøy og Bergen. Hausten 2023 flytta vi inn i eit nytt skulebygg med moderne undervisningslokaler, og hausten 2024 var også det gamle teoribygget ferdig rehabilitert. Våren 2026 stod Askøy kommune sitt nye idretts- og svømmeanlegg ferdig. Vi tilbyr no eit samla, moderne og flott skuleområde.
Skulen har følgjande utdanningsprogram: Bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag, studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse. I tillegg tilbyr skulen individuelt tilrettelagt opplæring i eigne grupper.
Vi har no ledig ei 100% fast stilling som miljøarbeidar frå 01.08.26. I tillegg har vi ledig ei 100% stilling i vikariat 01.08.26-31.07.27, og ein 100% stilling i vikariat 01.08-26- 31.12.26 - med moglegheit til forlenging. Stillingene er for tida knytt til avdeling for tilrettelagt opplæring HTA og HTH.
Arbeidsoppgåver
Miljøarbeidaren har ein viktig funksjon i elevane sin skulekvardag:
- delta i planlegging og oppfølging av elevar i lag med lærar som har ansvar for undervisninga
- samarbeide med andre fagarbeidarar og lærarar i gjennomføringa av undervisninga etter eleven si individuelle opplæringsplan
- vere til støtte for faglærar i undervisninga av elevar med trong for særskilte pedagogiske, sosiale og helsemessige tilpassinger
- delta i opplæringssituasjonar i klasserom, gymsal, basseng, kjøkken, verkstader, utendørs og andre aktuelle arenaer
- samarbeide med føresette og har kunnskap om medbestemming for born og ungdom
- gjennomføre og/eller ta ansvar for sosiale eller helserelaterte tenester for elevane i skuletida og eventuelt tilsyn før og etter skuletid
- hjelpe til etter behov i samband med reise til og frå skule, og eventuelt under arbeidsutplassering i verksemd
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter deg med relevant fagleg kompetanse retta inn mot ungdom med store behov for tilrettelegging. Du må ha erfaring frå arbeid med ungdom med samansette vanskar, pleie- og omsorgsbehov, utviklingshemming og utfordrande åtferd. Det er ynskjeleg med utdanning innan helsefag, barne- og ungdomsarbeidarfag, bygg- og anlegsteknikk eller anna relevant utdanning.
Du bør ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Det er krav om politiattest for alle som skal tilsettast i vidaregåande skule.
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer at du:
- har særskild interesse for, og kommuniserer godt med elevar med særskilte behov og læringsutfordringar
- er trygg, tydeleg og inkluderande
- er initiativrik og fleksibel
- samarbeider godt i team med kollegaer
- er trygg i kommunikasjonen og samarbeidet med føresette
- deltar på fysiske aktivitetar i lag med elevane
- meistrar å jobbe i ein hektisk kvardag med varierte arbeidsoppgåver
Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, modig og kompetent.
Menn blir oppfordra til å søkje.
Det vil bli lagt vekt på at søkjar er personleg eigna.
Vi tilbyr
- eit stort mangfald i elevgruppa, og eit aktivt skulemiljø
- eit spennande, og godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, der eleven står i fokus
- eit miljø som er oppteken av utvikling for ungdom
- eit engasjert kollegafellesskap med godt samarbeid opp mot lokalt næringsliv
- løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Miljøarbeidar følgjer skuleruta og har eit arbeidsår på 39 veker, med 37,5 timar i veka. 38 veker følgjer skuleruta for elevane, og ei veke (5 dagar) er sett av til planlegging. Med tilsetting i 100% stilling eit heilt skuleår utgjer dette 89% løn.
Kontaktinformasjon
Petter Tønjum, avdelingsleiar, +47 97585981Arbeidsstad
Søre Myrane 135300 Kleppestø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5130282769
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 01.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Petter Tønjum
avdelingsleiar
+47 97585981
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d1506489-83f0-4033-a795-0d81e0c1142b
- Sist endret
15. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c9f108f21a974782bf4316e6f58ac259