Hopp til innhold

Konsulent/kontormedarbeidar

Arbeidsgiver

Giske kommune

Sted

Valderhaug 4, 6050 Valderøya

Om jobben

Stillingstittel
Konsulent/Kontormedarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 28. juli

Vi har ledig fast 100 % stilling som konsulent/kontormedarbeidar, delt mellom eining for HR og løn og eining for Økonomi. 

Einingane har det overordna ansvar for økonomi, personal, løn, HR- og HMS- området, og har ei brei kontaktflate ut mot leiarar, tilsette og tillitsvalde. Som konsulent vil du delta i felles faglig utviklings- og forbetringsarbeid og ha eit tett samarbeid med kollegaer som arbeider med liknande oppgåver. 

Ved vurdering av den best kvalifiserte, vert det lagt vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt motivasjon for stillinga.

Verdt å merke seg når du søker

Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden. Du lastar opp dokumenta i Webcruiter. Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.

Søknaden vert vurdert ut frå søknadsbrev og vedlagt informasjon og dokumentasjon. Søknadsbrevet bør tydeleg skildre kvifor du søker stillinga, og korleis dine kvalifikasjjonar og erfaringar oppfyller krav og kriteria i utlysinga.


Arbeidsoppgåver

Til stillinga ligg ein del faste arbeidsoppgåver, og ein må rekne med at nye oppgåver kjem til ut frå endring av behov og etterspørsel.

  • Bistå einingsleiar og avdelingsleiarar med å  følgje opp kontorfaglege rutinar og andre førefallande oppgåver
  • Arbeid med personaladministrasjon. Herunder arbeidsavtalar, ansiennitetsberekning, tenestebevis, oppfølging av lønsarbeid, turnussystem og andre merkantile oppgåver knytt til dømes Visma Enterprise
  • Vederlagsberekning og etteroppgjer på institusjonsplassar
  • Økonomi, fakturaflyt, fakturamottak, innkjøpsarbeid og e-handel
  • Samarbeide med tildelingskontoret 

Kvalifikasjonar

  • Relevant kontorfagleg utdanning og gjerne praksis frå liknande arbeid
  • Fordel med kjennskap til helse- og omsorgstenester
  • Fordel med kjennskap til lov- og avtaleverk
  • God digital kompetanse og kunne beherske dei vanligaste IKT-verktøy godt (Visma Enterprise, Exel, Words, Kvalitetssystem, Visma Flyt ressursstyring eller tilsvarande)
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons og samarbeidseigenskapar
  • Evne til å handtere hektiske dagar og ha mange ballar i lufta samtidig
  • Må vere positiv og imøtekomande, utstrakt serviceinnstilling og vere på tilbodssida
  • Nøyaktig og strukturert, samt evne til å halde god orden
  • Fleksibel, positiv og påliteleg.
  • Evne til å prioritere arbeidsoppgåver
  • Evne til å møte nye krav og endringar i oppgåver og struktur

Du må kunne relatere deg til verdigrunnlaget i Giske kommune, der det daglege arbeidet skal vere prega av Respekt, Løysingsvilje, Engasjement og Kvalitet.

Vi tilbyr

  • Eit godt fagleg miljø med engasjerte medarbeidarar
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Løn og arbeidsvilkår på vanlege kommunale vilkår
  • God pensjonsordning i KLP
  • Gratis parkering

Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Alle søkarar vert ført opp på offentleg søkarliste. Du kan søke om unntak. Det må ligge føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25

Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkobinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing i målet om å levere best moglege tenester.

Kontaktinformasjon

Eli-Marie Sandvik, HR-sjef, +47 41235110

Arbeidsstad

Valderhaug 4
6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 5147701345
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.07.2026

Kontaktperson for stillingen

Eli-Marie Sandvik

HR-sjef

+47 41235110

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

49829b61-575a-47d8-ba5c-8600591a8f8b

Sist endret

18. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1b4e9a356116483fae8b23ff7ea78d0e

Lignende annonser

Laster lignende annonser