Konsulent/spesialkonsulent
Hareid kommune, Sektor for velferd
Teigevegen 55, 6060 Hareid
Om jobben
- Stillingstittel
- konsulent/spesialkonsulent
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 1. august
Hareid kommune har ledig ei 100 prosent fast stilling som konsulent/spesialkonsulent. Arbeidstida er frå måndag til fredag frå klokka 08 -16. Stillinga ligg til velferdskontoret, med kommunalsjef for sektor for velferd som næraste leiar. Stillinga inneber i hovudsak sakshandsaming for helse- og omsorgstenester i kommunen.
I samarbeid med dei andre einingane, skal vår sakshandsaming syte for at dei som oppheld seg i kommunen får naudsynte og koordinerte tenester i samsvar med dei pliktane og rettane som lovverket gir.
Vi søkjer ein positiv og kunnskapsrik medarbeidar som trivst med hektiske arbeidsdagar fylt med allsidige oppgåver, og som har interesse for helserett og forvaltning.
Intern søkjar
Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.
Arbeidsoppgåver
- forvaltning av helse- og omsorgstenester (sakshandsaming)
- tverrfaglege samarbeidsmøter
- diverse merkantile oppgåver
- vederlagsutrekning dersom du har erfaring med det
- deltaking i interkommunalt sakshandsamarnettverk
Vi er i stadig utvikling, og det kan bli lagt andre arbeidsoppgåver til stillinga. Kommunane på søre Sunnmøre utgreier for tida felles forvaltningskontor.
Kvalifikasjonar
- treårig relevant høgare utdanning innan administrasjon, helse- eller sosialfag
- vidareutdanning, og eller erfaring i sakshandsaming er ein fordel
- kjennskap til kommunehelsetenesta og relevant lov- og regelverk er viktig
- arbeidsfeltet krev at du formulerer deg godt både skriftleg og munnleg
- god digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- du er imøtekomande
- du er sjølvstendig og strukturert
- du er løysingsorientert
- du skapar gode relasjonar til dei rundt deg
- du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- du har handlekraft og gjennomføringsevne
- du er positiv til endringar
- du er fleksibel og har stor arbeidskapasitet
Det er viktig for oss å bygge eit godt team, difor er personleg eignaheit av stor tyding og vil bli lagt vekt på.
Vi tilbyr
- god opplæring
- eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer
- fleksibel arbeidstid
- god forsikring og pensjonsordning
- løn etter gjeldande tariffavtale
Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår.
Alle må søkje digitalt. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.
Kontaktinformasjon
Ottar Eiksund Røyset, Kommunalsjef, +47 97797373Arbeidsstad
Teigevegen 556060 HAREID
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 5151388289
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Ottar Eiksund Røyset
Kommunalsjef
+47 97797373
Om bedriften
GODE TENESTER - GLADE TILSETTE
Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette.
Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår.
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.
Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Jobbe hjå oss - Hareid kommune
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a27efc96-ba73-45a5-938f-4bca3ecfbc3f
- Sist endret
1. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b5dbdb47108f4577a8ffc10266cb265a