Vaktmeister, fast stilling ved bygg- og eigedomsavdelinga
Giske kommune
Valderhaug 4, 6050 Valderøya
Om jobben
- Stillingstittel
- Vaktmeister, fast stilling ved bygg- og eigedomsavdelinga
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 14. august
Det er ledig fast 100 % stilling som vaktmeister ved bygg- og eigedomsavdelinga frå snarast. Stillinga er del av eit team som driftar sjukeheimar, skular, barnehagar, rådhus m.m.
CV, vitnemål, fagbrev, attestar og anna dokumentasjon må leggast ved søknaden.
I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Den som blir tilsett må legge fram politiattest av ny dato.
Arbeidsoppgåver
Vaktmeisterteneste knytt til kommunale bygg og uteområde:
- Drift av varme, ventilasjon, brannvarsling og skadeførebygging
- Vedlikehald av bygningsmasse som bytte av dører og vindu, maling m.m
- Det kan bli endringar i arbeidsoppgåver ut frå behov
Kvalifikasjonar
- Det er ønskeleg med fagbrev som røyrleggar, elektriker, automasjon eller innan byggfag.
- Relevant erfaring frå nybygg, drift eller vedlikehald innan røyrleggar-, elektro-, automasjon- eller byggfag vert også vurdert
- God digital kompetanse
- Sertifikat for bil
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Kunne arbeide sjølvstendig, men også i team
- Vilje og evne til fleksibilitet
- Positiv og med stå på vilje
- Ryddig og strukturert
Du må kunne relatere deg til verdigrunnlaget i Giske kommune, der det daglege arbeidet skal vere prega av Respekt, Løysingsvilje, Engasjement og Kvalitet.
Vi tilbyr
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- God pensjonsordning i KLP
- Godt arbeidsmiljø
- Spennande og fagleg utfordrande arbeidsplass med varierte arbeidsoppgåver
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkobinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing i målet om å levere best moglege tenester.
Kontaktinformasjon
Robert Valderhaug, avdelingsleiar, +47 41701937Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5144811825
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Robert Valderhaug
avdelingsleiar
+47 41701937
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
9a325b9a-2741-433c-aa7d-079f4f914d48
- Sist endret
26. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d2eb9a80f7384eaeb4c9991e354a8c87