Hopp til innhold

100% stilling for Vernepleiar eller sjukepleiar

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Røsvikrenen 4-6, 5914 Isdalstø

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Vernepleiar/sjukepleiar - 100% fast x2 og x1 vikariat - Avlastningstenester for born og unge
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Velkommen til Avlastningstenester for born og unge! 

I Avlastningtenester for born og unge har me no ledig to faste stillingar og eit vikariat. 

Me søkjer deg som ynskjer å arbeide med avlastning for born og unge med samansette behov innan habilitering. I ei slik rolle får du vere ein trygg og støttande vaksen, og bidra til stabilitet og gode opplevingar i kvardagen – både for borna og familiane deira!


Om stillingane

Stillingane er under same avdeling men arbeidet skjer for tida på to forskjellige lokasjonar:

I den faste stillinga ved den eine avdelinga er det for tida langvakter med arbeid kvar fjerde helg. Her søkjer me deg som har kompetanse i å møte åtferd som utfordrar og relasjonsvanskar, samt kunnskap og erfaring med utviklingsforstyrringar. I denne stillinga oppmodar me menn til å søkje. 

Ved den faste stillinga og vikariatet ved den andre avdelinga skjer arbeidet på institusjon, og du vil arbeide i ein kombinasjon av langvakter og kortvakter, med arbeid kvar tredje helg. Her søkjer med deg med kompetanse og erfaring i å møte tildels omfattande bistandsbehov.

Oppstart på stillingane er er etter avtale. 


Om oss

Alver kommune tilbyr avlastning for familiar med særleg tyngande omsrogsoppgåver, der born og unge har psykiske eller fysiske funksjonsnedsetjingar. Avlastninga kan skje både i heimen og på institusjon, og vert tilpasse individuelt etter behov og ønske frå familien.

Avlastningsbustadene er ein del av kommunens habiliteringstilbod, og gjev born og unge eit trygt og tilrettelagt miljø med aktivitetar og omsorg. 

Tenestene i stillingane krev stabile og trygge vaksne som kan møte borna med forståing og ro. Målet er å gje både born og familiar eit pusterom i kvardagen - og bidra til betre livskvalitet for alle involverte.


Arbeidsoppgåver

  • Å yte omsorg og støtte i daglege gjeremål og aktivitetar
  • Å uttføre vedtak etter kapitel 9 i Helse- og omsorgslova.
  • Å ha ansvar for medisinar, både legge i dosett, veilede kollegaer og gje medisinar
  • Å bidra til tryggleik og stabilitet i relasjonar med borna
  • Å arbeide målretta med miljøterapeutiske tiltak 
  • Å dokumentere og evaluere tiltak i tråd med faglege og juridiske krav
  • Å samarbeide tett med føresette, kollegaer og andre fagpersonar
  • Å bidra til eit godt arbeidsmiljø og fagleg utvikling i teamet

Du vert ein i fagmiljø som jobbar for å gje born og familiar eit pusterom i kvardagen - og eit tilrettelagt og meiningsfullt opphald!


Kompetanse

  • Godkjent utdanning som vernepleiar eller sjukepleiar
  • Erfaring med arbeid innan habilitering og miljøarbeid
  • Førarkort i klasse B
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Trygg på bruk av digitale verktøy og dokumentasjonssystem

Vidare søkjer me deg som har:

  • Kjennskap til og gjerne kompetanse i å utforme og gjennomføre vedtak etter kapitel 9 jf. Helse- og omsorgslova
  • God forståing for tryggleik, struktur og omsorg i institusjonsbasert avlastning

Personleg eignaheit vert vektlagt - me ser etter deg som er trygg, roleg og engasjert


Kven er du?

Du er ein fagleg trygg og engasjert vernepleiar eller sjukepleiar med gode evne til å møte born og unge med respekt, varme og struktur. Du har erfaring med å jobbe med menneske som har autisme, funksjonsvariasjonar, tildels omfantende bistandsbehov, åtferd som utfordrar - og du trivst med å vere ein viktig vaksen i kvardagen deira. Du må ha evne til å stå stødig i krevjande situasjonar og bidra til ro og tryggleik. Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar og kan reflektera etisk og fagleg. Du kan jobbe sjølvstendig men også i eit samarbeid.

Me ønskjer eit mangfald i personalgruppa og oppmodar menn til å søkje. Personleg eignaheit vert vektlagt - me ser etter deg som har hjartet på rett stad og ønskjer å gjere ein forskjell for born og familiar.


Me tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange!
  • 50 000 i rekrutteringstilskot for eksterne søkjarar mot binding i to år
  • Oppfølging og rettleiing
  • Årsturnus med moghegheit for innspel på arbeidstid
  • Vernepleiarar ligg 9000 over tariff og sjukepleiarar ligg 10 000 over tariff i Alver kommune
  • God pensjonsordning i KLP
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel

Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. 


Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest 

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede


Om Habiliteringstenesta 

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, 

og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan. 


Om bedriften

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan. 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

494328ee-cb56-4464-b4a3-0c627281c9c6

Sist endret

18. november 2025

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10268848

Lignende annonser