Hopp til innhold

Sjukepleiar – få variasjon utan å bytte jobb

Arbeidsgiver

Bemanningssenter, fast ansatte, Haugesund Sjukehus

Sted

Karmsundgata 51, 5529 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. september

✨ Du treng ikkje velje éi avdeling for å få fast jobb hos oss.
Ved Bemanningssenteret i Haugesund får du jobbe på fleire avdelingar og klinikkar. Du får bruke sjukepleiefaget på ulike måtar, møte mange pasientgrupper og bli kjent med fleire gode kollegaer.

Dette er ein jobb for deg som likar variasjon, vil utvikle deg fagleg og ønskjer ein fast jobb med god oversikt over når du skal jobbe. Du får årsarbeidsplan, faste fagdagar i turnusen og fleksibilitetstillegg på 33 000 kroner i året i full stilling.

Er du nyutdanna våren 2026? Då er du hjarteleg velkommen til å søkje.

👉 Klar for å prøve noko litt annleis? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Send oss ein søknad – vi gler oss til å bli kjent med deg.


Kva går jobben ut på?

Arbeidsoppgåvene vil vere:

  • Sjukepleie og oppfølging av pasientar på ulike avdelingar.
  • Undersøkingar og praktiske prosedyrar.
  • Dokumentasjon og administrative oppgåver.
  • Samarbeid med andre faggrupper og avdelingar.
  • Oppfølging og rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar.
  • Studentansvar der det er aktuelt.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha:
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Grunnleggande IT-kunnskap.
Det er ein fordel om du har:
  • Erfaring frå sjukehus.
  • Kjennskap til DIPS og Meona.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss passar du god om du:

  • tek ansvar og er til å stole på
  • spør når du lurer på noko
  • samarbeider godt med ulike kollegaer og faggrupper
  • klarer å tilpasse deg nye avdelingar og arbeidsmåtar
  • møter pasientar og kollegaer på ein trygg og god måte
  • ønskjer å halde deg fagleg oppdatert
  • bidreg til eit godt arbeidsmiljø, også når dagen er travel 

Du treng ikkje kunne alt frå før. Det viktigaste er at du har lyst til å lære, trivst med variasjon og ønskjer å bruke sjukepleiefaget på fleire måtar.

Kvifor skal du velje sjukepleiar stilling hos oss?

Hos oss får du:

  • 100 % fast stilling
  • fleksibilitetstillegg på 33 000 kroner per år i full stilling
  • årsarbeidsplan, slik at du veit når du skal jobbe
  • moglegheit til å byte inntil 8 vakter per 12-vekersperiode ved behov
  • faste fagdagar i turnusen
  • erfaring frå fleire avdelingar og klinikkar
  • god innsikt i ulike pasientforløp

 Dette er ein god jobb for deg som vil utvikle deg som sjukepleiar, men ikkje ønskjer å låse deg til eitt fagområde med ein gong.

🌟 Kjenner du at dette kan passe for deg? Då håpar vi du søkjer.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Toril Førland, Funksjonsleiar, +47 99009179

Arbeidsstad

Karmsundgata 51
5529 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5166693757
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Toril Førland

Funksjonsleiar

+47 99009179

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

48c2d046-5cc2-474b-8c1c-b8357d9e5c43

Sist endret

17. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5fbc1056508544e190aad3162369cc14

Lignende annonser

Laster lignende annonser