Akuttsjukepleier/sjukepleier
Felles akuttmottak, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Oppstart
- 1. oktober 2026
- Stillingstittel
- Akuttsykepleier/sykepleier
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 29. september
✨ Vil du jobbe der det skjer – og der du får brukt både hovudet og hendene? I Felles akuttmottak tek vi imot rundt 60 pasientar i døgnet – alt frå små skadar til kritiske situasjonar. Her er tempoet høgt, fagmiljøet sterkt og samarbeidet tett.
No har vi ei fast stilling og eit vikariat ledig frå 01.10.26, og vi ser etter deg som trivst når dagen ikkje er heilt forutsigbar. Hos oss får du varierte arbeidsoppgåver, eit inkluderande og støttande team og moglegheit til å utvikle deg fagleg kvar einaste dag!
Hos oss er ingen dagar like – og nettopp det gjer jobben så givande.
👉 Søk i dag – vi gler oss til å høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- Mottak, stabilisering og behandling av pasientar med behov for akutt hjelp.
- Samhandling i tverrfaglege team.
- Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette.
- Tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for 12-timars turnus.
Kva kompetanse er viktig i rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Ønskeleg med vidareutdanning i akuttsjukepleie.
- Ønskeleg med 2 års erfaring frå akuttmottak dersom manglande vidareutdanning.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar er avgjerande for forsvarleg pasientbehandling.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som
- trivst med høgt arbeidstempo og faglege utfordringar
- samarbeider lett med andre, men tek òg sjølvstendige val
- tek ansvar og bidreg aktivt i kvardagen
- kommuniserer tydeleg og med omtanke
- møter andre med respekt, deler kunnskap, og er med på å skape ei positiv stemning i avdelinga.
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du
- ei variert stilling der du får brukt faget ditt – og utvikla deg vidare gjennom nye oppgåver og erfaringar i kvardagen
- høve til 12-timars turnus (etter avtale og i tråd med gjeldande ordningar)
- eit arbeidsmiljø med godt samhald – der vi samarbeider tett, støttar kvarandre og har det triveleg på jobb
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Trude Karoliussen, Funksjonsleiar, +47 91856627Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5179584329
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.10.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 29.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Trude Karoliussen
Funksjonsleiar
+47 91856627
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f6911788-d55c-4ad8-a4bc-e04d0eb063e4
- Sist endret
15. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
19b38c97ee9e47bfbc46030302c56fa7