Hopp til innhold

Sjukepleiar søkjast! To faste stillingar ved Eldremedisinsk post alderspsykiatri.

Arbeidsgiver

Haugesund Sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleier
Type ansettelse
Fast, deltid 85%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 23. september

🌟 Vil du ha nye utfordringar og moglegheit til fagleg utvikling?

Vi har no ledig 2 faste sjukepleiarstillingar på 85 % ved Eldremedisinsk avdeling, alderspsykiatrisk sengepost.

💙 Hos oss møter du eldre pasientar med psykiske lidingar og samansette utfordringar. Kvardagen er variert, meiningsfull og fagleg spennande. Vi samarbeider tett, støttar kvarandre når det trengst, og sørgjer for at både pasientar, pårørande og kollegaer blir sett og ivaretatt.

Arbeidsdagane kan vere krevjande, men du står aldri åleine. Her løyser vi oppgåvene saman, deler kunnskap og erfaringar, og skapar eit arbeidsmiljø prega av humor, tryggleik og høg fagleg kompetanse.

Ønskjer du å utvikle deg vidare? Vi har ein positiv haldning til vidareutdanning innan relevante fagfelt og legg i stor grad til rette for at du kan bygge kompetansen din og vekse vidare i rolla. 

👉 Er dette noko for deg? Vi gler oss til å høyre frå deg!

Kva går jobben ut på?

  • Pasientoppfølging og observasjon gjennom natta.
  • Delta i tverrfagleg team og koordinere oppfølging.
  • Bidra til gode pasientforløp i samarbeid med kommunen.
  • Pasientoppfølging og observasjon under utgreiingsopphald
  • Gi omsorg og respekt for både pasientar og pårørande

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vernepleiar kan også søkje.
  • Ønskeleg med videreutdanning innan rus og psykiatri.
  • Ønskeleg med erfaring frå fagfeltet.
  • Gode datakunnskaper.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunskapar. 

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • er ein trygg og engasjert sjukepleiar/vernepleiar
  • held oversikta og har interesse for pasientgruppa
  • er nysgjerrig og tek initiativ
  • set pris på eit miljø der vi lærer av kvarandre og står saman som lag

Kvifor skal du velje oss?

  • Årsplan med 16 helger i året. Moglegheit for langvakter.
  • Fagdagar, kurs og simuleringstrening – vi legg til rette for fagleg utvikling.
  • Ei positiv haldning til vidareutdanning innan aktuelle fagfelt, og vi tilrettelegg for at du skal kunne utvikle deg vidare
  • Kollegastøtteordning – du står aldri åleine.
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø i ei IA-verksemd.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Grethe Liknes Torsen, Fagsykepleier, 46889361
Doreen Halleland, Avdelingsleder, 41692464, doreen.halleland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5175306477
Stillingsprosent: 85%
Fast
Søknadsfrist: 23.09.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Doreen Halleland

Avdelingsleder

41692464

doreen.halleland@helse-fonna.no

Grethe Liknes Torsen

Fagsykepleier

46889361

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e04ffd7f-ee9f-430e-9d77-f42824864c45

Sist endret

9. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

053e0714f0084948be9c7cadb67c4377

Lignende annonser

Laster lignende annonser