Hopp til innhold

Vi søkjer sjukepleiar!

Arbeidsgiver

Intensiv sengepost, Haugesund Sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Oppstart
18. januar 2027
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, lørdag og søndag

Søk på jobben

Søk senest fredag 2. oktober

❤️ Bli ein del av vårt engasjerte intensivteam!

Ønskjer du å utvikle deg innan intensivsjukepleie og få verdifull erfaring i eit spennande og høgt kompetent fagmiljø? Då kan dette vere moglegheita for deg.

Hos oss får du arbeide tett på kritisk sjuke pasientar i ei moderne intensivavdeling, samtidig som du blir ein del av eit inkluderande team med stort fagleg engasjement. Stillinga gir ei unik moglegheit til å bli kjent med intensivfaget og vurdere vidare utdanning innan intensivsjukepleie.

📍 Stillinga er i 3-delt turnus med arbeid kvar tredje helg.
Intensiveininga er ei kombinert intensiv- og postoperativ avdeling og er ein del av Anestesi-, intensiv- og operasjonsavdelinga i Kirurgisk klinikk.

Hausten 2021 flytta vi inn i heilt nye og moderne lokale ved Haugesund sjukehus, med utstyr og fasilitetar som legg til rette for avansert pasientbehandling, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.
Kjenner du deg igjen i dette? Då håpar vi du søkjer!

Kva går jobben ut på?

  • Sjukepleie til kirurgiske og medisinske intensivpasientar.
  • Overvåke, vurdere og følgje opp pasientar med avanserte medisinske og tekniske behandlingsbehov.
  • Gi postoperativ sjukepleie og bidra til trygg og god oppfølging etter operasjon. 
  • Samarbeide tett i tverrfaglege team for å sikre best mogleg behandling i pasientforløp.
  • Bidra til fagleg utvikling og lære meir om intensivfaget i eit miljø med høg kompetanse.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse
  • Interesse og eller erfaring med medisinsk teknisk utstyr
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunskapar.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • Likar ansvar og arbeidar godt både sjølvstendig og i team
  • Trivst med ein variert og innhaldsrik arbeidskvardag
  • Held hovudet kaldt og tek gode vurderingar når det er travelt
  • Er fleksibel og open for nye utfordringar
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid
  • Vurderer vidareutdanning innan intensivsjukepleie

✨ Kvifor skal du velje oss?

  • Bli ein del av eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid, trivsel og fagleg støtte står sterkt.
  • Arbeid saman med fagleg dyktige og omtenksame kollegaer som deler kunnskap og heiar på kvarandre.
  • Gode moglegheiter for opplæring og fagleg utvikling, enten du ønskjer meir erfaring innan intensivfaget eller vurderer vidareutdanning.
  • Høg fagleg kompetanse og spennande arbeidsoppgåver i ei moderne intensiv- og postoperativ avdeling.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar, inkludert yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Ein unik kombinasjon av karriere og livskvalitet, med nærleik til både fjord, fjell og eit rikt fritidstilbod.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Hege Østensjø, Funksjonsleiar, +47 52732670

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5178887990
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 18.01.2027
Søknadsfrist: 02.10.2026

Kontaktperson for stillingen

Hege Østensjø

Funksjonsleiar

+47 52732670

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

387d9baa-e65b-4476-995e-9a709a82100c

Sist endret

10. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f5c79860b7dc408c9dcb92dce1fddcd5

Lignende annonser

Laster lignende annonser