Hopp til innhold

Kommuneoverlege

Arbeidsgiver

Helse og omsorg

Sted

Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Kommuneoverlege
Oppstart
2. februar 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Kommuneoverlegen har ei sentral rolle i kommunen sin organisasjon, med spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i ein kommune med engasjerte innbyggjarar og tilsette. Legetenesta er ein av dei viktige basisfunksjonane i helse og omsorgstilbodet.

VIl du vera del av eit positivt tverrfagleg arbeidsmiljø med solid fagleg kompetanse og stort engasjement? Då vil me gjerne ha søknaden din!

Arbeidsoppgåver

Stillinga utgjer 60% stilling og kommunen kan vurderer om det er anna offentleg allmennmedisinsk legearbeid som kan kombinerast med kommuneoverlegeoppgåvene, Me ber om at søkjar opplyser i søknaden om ein slik kombinasjon er av interesse.

Kommuneoverlegen:

  • skal koordinera, tilrettelegga og leia det samfunnsmedisinske arbeidet i kommunen
  • er medisinskfagleg rådgjevar i kommunen sitt folkehelsearbeid og i den kommunale helse og omsorgstenesta
  • har ansvar for planarbeid, helsefagleg rådgjeving med vekt på folkehelse, helseberedskap, smittevern, helseovervaking og miljøretta helsevern.
  • har ein tverrsektoriell funksjon
  • har hastekompetanse på kommunen sine vegne i saker innan miljøretta helsevern, smittevern og helsemessig beredskap
  • har vedtaksmyndigheit som er heimla direkte i lover, blant anna smittevernloven og i psyksik helsevernloven
  • har andre oppgåver som er forankra i ulike lover og forskrifter

Kvalifikasjonar

  • Medisinsk embetseksamen
  • Norsk autorisasjon
  • Spesialitet i samfunnsmedisin eller ønskje om å inngå avtale med kommunen for å gjennomgå spesialistutdanningsprogrammet. Dersom søkjar har starta slik spesialitet vil kommunen leggja til rette for at spesialiseringsløpet kan fullførast

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som har stort engasjement for samfunnsmedisin og som:

  • Kommuniserer på ein god måte - munnleg og skriftleg
  • Er løysingsorientert og strategisk
  • Møter andre på ein respektfull og open måte
  • Skapar tillit og viser høg etisk standard.
  • Er endringsvillig og ønskjer kontinuerleg forbetring i arbeidet

Me tilbyr

  • Fleksibel arbeidstidsordning - høve til heimekontor
  • Løn etter avtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Generell informasjon:
Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak.
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

Terje Langeland, Helse og omsorgssjef, +47 975 64 258

Arbeidsstad

Grovagjelet 16
5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5040717145
Stillingsprosent: 60%
Fast
Startdato: 02.02.2026
Søknadsfrist: 11.01.2026

Om bedriften

Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Kvam satsar på barn og unge og er Årets ungdomskommune i 2024. Me har to vidaregåande skular, og ein ny, moderne vidaregåande skule er under bygging i sentrum av  regionsenteret vårt Norheimsund.

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. 

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

478e5a62-baf3-4d3d-92c8-bdf50d9f425d

Sist endret

12. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5643f4344ac443e89ec38c2fe547abe9

Lignende annonser

Laster lignende annonser