Helsefagarbeidar i natt-tenesta
Natt-tenesta i Kvam
Nedre Norheim 44, 5600 Norheimsund
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar i natt-tenesta
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 8. april
Me søkjer helsefagarbeidarar til to faste stillingar. Stillingane er ledige frå snarast.
- 50 % fast stilling med arbeid 3.kvar helg
- 60 % fast stilling med arbeid 2.kvar helg
Skriv i søknaden din kva stilling du søkjer på.
Arbeidsoppgåver
Omsorgsoppgåver som stell og pleie i heimetenesta, ved heildøgns omsorg og i omsorgsbustadKvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. Dersom det ikkje søkjer helsefagarbeidarar kan søkjarar med relevant erfaring frå pleie og omsorg bli vurdert for vikariat
- Du må ha sertfikat klasse B
- Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, tilsvarande B2
- Du må kunna arbeida sjølvstendig og i team
- I natt-tenesta er me avhengig av eit godt tverrfagleg samarbeid mellom tenester og kollegaer og me søkjer difor etter ein fleksibel, engasjert og løysingsorientert helsefagarbeidar
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som:
- Tek ansvar og likar ei utfordring
- Har lyst til å utvikla deg fagleg
- Du likar ein variert arbeidskvardag med spanande utfordringar
- Møter andre på ein respektfull og open måte
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø, på ein arbeidsplass som er i utvikling
- Hjå oss får du moglegheit til fagleg utvikling
- Du får øvd opp vurderingskompetansen din og brukt kunnskapen din i samspel med pasientar i ulike livsfasar
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Generell informasjon:
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Ioana Hauge, Gruppeleiar Natt-tenesta i Kvam, +47 481 45 217Arbeidsstad
Nedre Norheim 445600 NORHEIMSUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 5088391671
Stillingsprosent: 50,6%
Fast
Søknadsfrist: 08.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Ioana Hauge
Gruppeleiar Natt-tenesta i Kvam
+47 481 45 217
Om bedriften
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dde1c099-54bb-42ba-9e9c-4e71d7b48cd4
- Sist endret
12. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5446dc903f6b4f45ae442486c48eadcd