Ledige faste helgestillingar, 14% (3. kvar helg) og 21% (2. kvar helg) i Omsorgstenesta vest Utneheimen
Ullensvang kommune Utneheimen
Fjrodavegen 4199, 5778 Utne
Om jobben
- Stillingstittel
- Ledige faste helgestillingar, 14% (3. kvar helg) og 21% (2. kvar helg) i Omsorgstenesta vest Utneheimen
- Type ansettelse
- Fast, deltid 21%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 20. mars
Ledig faste helgestillingar, 14% (tredje kvar helg ) og 21% (anna kvar helg)
Arbeidsstad: Omsorgstenesta vest, Utneheimen
Pleie og omsorg vest er stasjonert på Utne og er ei samordna teneste. Det vil seie at me driftar både sjukeheim, dagtilbod, kjøkken og heimetenester. På kjøkkenet lager me mat til pasientane på
sjukeheimen og til pasientar som bur i heimen og ikkje klarer å lage mat sjølv.
Personalet kan få oppgåver både på institusjonen og i heimetenesta.
Sjukeheimen består av 24 plassar, der 6 av dei er tilrettelagt for personar med demenssjukdom, og 2 er kortidsplassar. I heimetenesta yter me tenester til om lag 75 pasienter.
I Omsorgstenesta vest har me eit godt arbeidsmiljø , med eit fleirkulturelt miljø .
Tenestene me utfører er mange og ulike, så me har ein innhaldsrik og spennande arbeidskvardag. Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester, tenester som er tilpassa kvar enkelt.
Dersom dette høyres interessant ut, håper me at du søkjer. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktendeprat.
God opplæring vert gitt .
Arbeidsoppgåver:
- Legemiddelhandtering dersom fagutdanna
- MIljøarbeid
- Utføra helse - og omsorgsoppgåver etter fagleg standard
- Følgje opp eininga sine målsetjingar og yta tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak
- Samarbeide og dela kompetanse på tvers av avdelingane
- Halde seg fagleg oppdatert
- Gjere seg kjent med og nytta kommunen sitt journalsystem Aidn.
- Sørgje for presis og utfyllande dokumentasjon
- Kjenne til og og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisasjon som helsefagarbeidar, helsepersonell utan formell kompetanse kan søkje
- Gode digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeidsevner
- Positiv og godt humør
- Engasjert
- Endringsdyktig
- Fleksibel
- Punktlig og strukturert
Me tilbyr:
- Varierte arbeidsoppgåver
- Spennande arbeid
- Lønn etter hovudtariffavtalen
- Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
- Årsturnus
- Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår
- Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
- Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
- Politiattest jfr gjeldande lov
- Førarkort klasse B
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse
kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp.
Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast
vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har
oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette."
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du
er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
1f879493-bd43-4eb3-8c27-dd6b2ca82652
- Sist endret
6. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3604059_191021_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Utneheimen
Sted
Utne
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Eidesbrotet bofellesskap
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Mjøstølen avlastning
Sted
Odda