Hopp til innhold

Programrådgjevar - 100 % fast stilling

Arbeidsgiver

Øystre Slidre kommune

Sted

Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes

Om jobben

Stillingstittel
Programrådgjevar - 100 % fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 28. juni

Vil du ha ei rolle der du bidreg til at menneske kjem ut i arbeid og blir sjølvstendige i eit nytt samfunn?

Integreringstenesta i Øystre Slidre søkjer ein strukturert og sjølvstendig programrådgjevar med god relasjonskompetanse.

Øystre Slidre kommune har dei siste åra teke imot eit stort tal flyktningar, i hovudsak frå Ukraina. Integreringstenesta har ansvar for busetting, kvalifisering og integrering av nykomne flyktningar i kommunen. Dette arbeidet er avgjerande både for den enkelte og for eit godt og inkluderande lokalsamfunn.

Introduksjonsprogrammet er eit kvalifiseringstilbod for vaksne flyktningar, og skal gi deltakarane moglegheit til overgang til arbeid eller vidare utdanning. Som programrådgjevar får du ei sentral rolle i å koordinere og følgje opp programmet til den enkelte deltakar. Du bidreg direkte til at menneske kjem ut i arbeid eller utdanning, og får moglegheit til å stå på eigne bein i eit nytt samfunn.

Du vil arbeide tett med deltakarane og bidra til eit heilskapleg og individuelt tilpassa opplegg som fremjar kvalifisering, språkleg utvikling og deltaking i arbeidslivet. Du vil ha stor grad av sjølvstende i arbeidskvardagen og ansvar for å følgje opp eigen deltakarportefølje over tid. Dette krev at du er tålmodig og trivast med å ta initiativ, prioritere og halde oversikt over fleire prosessar samstundes. Du vil vere einaste programrådgjevar i introduksjonsprogrammet, men inngå i eit sterkt fagmiljø i integreringstenesta og samarbeide med fleire interne og eksterne aktørar.

Stillinga passar for deg som trivst med ansvar og som motiverast av å bidra til at enkeltmenneske lukkast gjennom systematisk og målretta arbeid over tid. Du finn meining i å hjelpe menneske til å bli sjølvstendige, og kombinerer støtte og motivasjon med tydelege krav og forventningar.

Intervju er planlagt til torsdag 2.juli, eventuelt fredag 3.juli.


Arbeidsoppgåver

  • Rettleie og motivere deltakarar mot arbeid, utdanning og aktiv deltaking i samfunnet
  • Kartleggje kompetanse og erfaring, og i samarbeid med deltakaren utarbeide mål og pein konkret plan for vegen vidare
  • Koordinere innhaldet i introduksjonsprogrammet til den enkelte deltakar
  • Samarbeide med Nav, Karrieresenteret og arbeidsgivarar
  • Etablere og følgje opp praksis- og jobbmoglegheiter for deltakarar
  • Ha tet t dialog med arbeidsgjevarar og bidra til gode og målretta praksisløp
  • Saksbehandling etter integreringslova 

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • Relevant høgare utdanning, til dømes innan sosialfag, samfunnsfag, pedagogikk eller karriererettleiing. Særleg relevant erfaring, til dømes med arbeidsinkludering, kan kompensere for manglande utdanning
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg, minst nivå B2
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Førarkort klasse B

Det er ynskjeleg med:

  • Erfaring med arbeidsinkludering eller oppfølging mot arbeid eller utdanning er særleg relevant
  • Erfaring med rettleiing av personar i krevjande livssituasjonar
  • Fleirkulturell kompetanse
  • Kjennskap til arbeidsmarknaden, gjerne lokalt
  • Erfaring med saksbehandling, gjerne etter integreringslova
  • Kjennskap til utdanningssystemet og kompetansekrav i arbeidslivet

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer at du:

  • Ser moglegheiter og har tru på ressursane til deltakarane
  • Er proaktiv og løysingsorientert
  • Har god relasjonskompetanse, og evnar å kombinere empati med tydelege forventningar
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 
  • Arbeider strukturert og sjølvstendig
  • Trivst med ansvar og står støtt i langsiktig oppfølgingsarbeid
  • Evnar å setje grenser og prioritere i ein variert arbeidskvardag med tidvis høgt tempo
  • Har gjennomføringsevne og evnar å drive prosessar framover

Vi tilbyr

  • Ei meiningsfull stilling der du ser konkrete resultat av arbeidet ditt
  • Moglegheit til å bidra til utvikling hos enkeltmenneske og i lokalsamfunnet
  • Eit godt og støttande arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP

Kontaktinformasjon

Nina Dalsegg, Leiar integreringstenesta, +47 90114575

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5142896520
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Nina Dalsegg

Leiar integreringstenesta

+47 90114575

Om bedriften

Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. 

Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge.  Velkommen til rein naturglede!

Reiseliv og jordbruk er blant dei største  næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.

Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt  tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. 

Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.

Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

46788cd1-a5e7-4537-91f5-ea519ff04ab8

Sist endret

12. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

376220ea623c4e1cbdcb3ea888b1dddf

Lignende annonser

Laster lignende annonser