Hopp til innhold

Pedagogisk leiar i Rogne barnehage

Arbeidsgiver

Rogne barnehage, Øystre Slidre kommune

Sted

Solhauglie 8, 2943 Rogne

Om jobben

Stillingstittel
Pedagogisk leiar i Rogne barnehage
Type ansettelse
Annet, heltid og deltid
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest torsdag 25. juni

Vil du bli ein del av teamet vårt i barnehagen?
Me søkjer deg som likar å vere ilag med born – inne og ute, som er kreativ, har humor og ser moglegheiter også i ein krevjande kvardag.

Rogne barnehage er ein 3 -avdelings barnehage med 110 plassar. Barnehagen var ny i 2015, med både store og mindre avdelingsrom, slik at fleksibiliteten er stor innanfor å dele avdelingane inn i mindre grupper. Barnehagen ligg i naturvenlege område, og me har fleire turmål, både i skog og ved fjord. Me er nært knytt til Rogne skule og idrettsanlegget ved Solhaug.

Samarbeider med dei andre barnehagane i kommune og Region Valdres med bl.a profesjonsveiledning av nyutdanna barnehagelærarar. 

I samarbeid med Læringsmiljøsenteret og UDIR er vi i andre året av eit felles prosjekt for alle kommunale skular og barneahagar i Øystre Slidre bhg året  2026/2027. Læringsmiljøprosjektet er eit nasjonalt prosjekt som har som hovudmål å utvikle trygge og gode barnehage- og skulemiljø. Prosjektet skal vektlegge arbeid på både individ, gruppe og systemnivå og utvikle barnehagen som lærende organisasjon. 

Visjonen til barnehagen er "for barna".

Dette er ledig:
  • 100 % fast stilling frå 15.08.2026
  • 80 % vikariat i perioden 15.08.2026 - 14.08.2027

Arbeidsoppgåver

  • Legge tilrette for gode lærings- og oppvekstvilkår for barn
  • Delta i det daglege arbeidet med å skape eit trygt og utviklande miljø for enkelt barn og barnegruppa
  • Delta aktivt i leik og daglege aktivitetar med barna
  • Ha det pedagogiske ansvaret på avdelinga, eller i barnehagen og sørgje for at barnehagelova og rammeplanen oppfyllast gjennom det pedagogiske arbeidet
  • Pedagogisk planleggingsarbeid, individuelt og i team
  • Samarbeide med og rettleie kollegaer
  • Ansvar for å legge tilrette for eit tett foreldresamarbeid

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som barnehagelærar
  • Søkjarar under utdanning, eller med annan relevant utdanning, kan bli vurdert om det ikkje er søkjarar med barnehageutdanning 
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
  • Det er krav om politiattest ved tilsetting

Personlege eigenskapar

  • Evne til å skape gode relasjonar både til barn, foreldre og medarbeidarar
  • Evne til å utvikle barnehagen og sjå løysningar
  • Evne til å sjå at barndommen har ein eigenverdi
  • Evne til å bruke seg sjølv, i ein til tider, hektisk kvardag
  • Ha humor og glede og vere påliteleg
  • Evne til å takle det upårekna og evne til å improvisere ein del, sidan det kan oppstå situasjonar der det ikkje finns eit fasitsvar
  • Bidra til eit positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø med dyktige og positive medarbeidara
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
  • Telefongodtgjerlse
  • Avtale om arbeidstøy
  • Rettleiing av nyutdanna barneahagelærarar
  • Som busett i Øystre Slidre kommune får du nedskriven studielån

Kontaktinformasjon

Anne-Kari Gjerdalen, Styrar Rogne barnehage, +47 95733837

Arbeidsstad

Solhauglie 8
2943 Rogne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5143247813
Stillingsprosent: 100, 80%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 25.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Anne-Kari Gjerdalen

Styrar Rogne barnehage

+47 95733837

Om bedriften

Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. 

Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge.  Velkommen til rein naturglede!

Reiseliv og jordbruk er blant dei største  næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.

Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt  tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. 

Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.

Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

426ad986-7ae3-4890-b2b1-9f9d936e66cb

Sist endret

12. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

b3f6fd45432743a8bb44718585921b98

Lignende annonser

Laster lignende annonser