Fagarbeidarar i Rogne barnehage
Rogne barnehage, Øystre Slidre kommune
Solhauglie 8, 2943 Rogne
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagarbeidarar i Rogne barnehage
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid og deltid
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. juni
Vil du bli ein del av teamet vårt i barnehagen?
Me søkjer deg som likar å vere ilag med born – inne og ute, som er kreativ, har humor og ser moglegheiter også i ein krevjande kvardag.
Rogne barnehage er ein 3 -avdelings barnehage med 110 plassar. Barnehagen var ny i 2015, med både store og mindre avdelingsrom, slik at fleksibiliteten er stor innanfor å dele avdelingane inn i mindre grupper. Barnehagen ligg i naturvenlege område, og me har fleire turmål, både i skog og ved fjord. Me er nært knytt til Rogne skule og idrettsanlegget ved Solhaug.
Vi samarbeider med dei andre barnehagane i kommune og Region Valdres med bl.a profesjonsveiledning av nyutdanna barnehagelærarar.
Frå hausten 2025 og i to år framover, skal barnehagen, i lag med dei andre barnehagane og skulene i kommunen, være deltakar i Læringsmiljøprosjektet. Dette er eit nasjonalt prosjekt som har som hovudmål å utvikle trygge og gode barnehage- og skulemiljø. Prosjektet skal vektlegge arbeid på både individ, gruppe og systemnivå og utvikle barnehagen som lærende organisasjon.
Visjonen til barnehagen er "For barna".
Dette er ledig:- 100 % vikariat i perioden 01.08.2026 – 30.11.2026
- 100 % vikariat i perioden 01.08.2026 - 31.03.2027
- 80 % vikariat frå dags dato til 30.09.2026
Det kan bli moglegheit for forlgengelse av vikariata. Det kan òg bli ledig fleire vikariat.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein aktiv bidragsytar i planlegging og tilrettelegging av det pedagogiske arbeidet i barnehagen
- Delta i det pedagogisk og praktisk arbeid i lag med ungane
- Foreldresamarbeid
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeiderfaget er ynskjeleg, men andre kan òg bli vurdert
- Det er ynskjeleg med praksis frå barnehage
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Det er krav om politiattest ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Evne til å skape gode relasjonar både til barn, foreldre og medarbeidarar
- Evne til å utvikle barnehagen og sjå løysningar
- Evne til å sjå at barndommen har ein eigenverdi
- Evne til å bruke seg sjølv i ein hektisk kvardag
- Ha humor og glede
- Vere påliteleg
- Delta aktivt i personalgruppa og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Arbeidsmiljø med dyktige og positive medarbeidarar
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Anne-Kari Gjerdalen, Styrar Rogne barnehage, +47 95733837Arbeidsstad
Solhauglie 82943 Rogne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 5129368368
Stillingsprosent: 80, 100%
Vikar
Søknadsfrist: 21.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Anne-Kari Gjerdalen
Styrar Rogne barnehage
+47 95733837
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ffd4fd4a-bff9-4108-afeb-18d9daf59fec
- Sist endret
5. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ba0e2d80cadd44498915eb5940d7f092