Hopp til innhold

100% vikariat som sjukepleiar ved Omsorgstenesten Jondal

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Omsorgsteneste Jondal

Sted

Nordbøen 2, 5627 Jondal

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest i overmorgen

Sjukepleiar 100% vikariat ved omsorgstenesta Jondal

Stillingen er ledige frå april-26


Arbeidsstad: Omsorgstenesta Jondal, Vikevollen sjukeheim og heimebaserte tenester


Omsorgstenesta i Jondal er ei samordna teneste som består av Vikevollen sjukeheim, med 18 langtidsplassar, 4 korttidsplassar og Heimebaserte tenester som har sin base på sjukeheimen. Heimebaserte tenester har ansvar for eit bukollektiv med 9 rom i same bygg. Det er ca 60 pasientar knytt til heimebaserte tenester. Som sjukepleiar vil du arbeide i turnus med ordinære vakter og 3. kvar helg både ved sjukeheimen og i heimebasert omsorg, du vil få arbeid i eit tverrfagleg miljø med fysioterapeutar, tilsynslege og helsefagarbeidarar, det er noko av det som gjer denne jobben så spennande og variert!


Arbeidsoppgåver:

Sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar 

  • Nødvendig helsehjelp

  • Medisinsk behandling i samråd med fastlege/ tilsynslege

  • Dokumentasjon etter gjeldande lover

  • Personleg bistand under stell og pleie 

  • Observere, vurdere og iverksetje nødvendige tiltak, samt evaluere sjukepleien som vert gitt den enkelte pasient

  • Samarbeide med pårørande og samhandle med interne og eksterne instansar

  • Delta i utvikling av tenesta og vegleiing av eigne kollegaer

  • Medansvarleg for ei forsvarleg forvaltning av tenesta sine ressursar

  • Arbeide etter og bidra til forbetring av gjeldande rutinar

 

Kvalifikasjonskrav:
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar

  • Gode digitale ferdigheiter

  • Gode kommunikasjonsferdigheiter både muntleg og skriftleg, 
    Norsk eksamen minimum B2 nivå.

  • Førarkort bil

  •  

    Me ser etter deg som er:
    • Ein trygg og stabil medarbeidar med sunne verdiar og haldningar

    • Sjølvstendig, men som og trives med å arbeide i team

    • Komfortabel med ein aktiv arbeidskvardag, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

     

    Me tilbyr:
    • Varierte arbeidsoppgåver

    • Lønn etter hovudtariffavtalen

    • Rekrutteringsstipend for nytilsette, turnustillegg samt bustøtte

    • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

    • Inkluderande arbeidsliv, gode permisjons- og pensjonsvilkår.


    Krav:

    • Politiattest jfr gjeldande lov Helse og omsorgstenestelova §5-4

    • Krav til førarkort: Klasse B

     

     

    Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

    Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

    Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


    Til orientering om Offentleglova:

    Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.

    For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.  

    I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: 

    "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


    Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

    Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/

     


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Silje Selsvik

    +47 90788626

    silje.selsvik@ullensvang.kommune.no

    Om bedriften

    - ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    444cb7c4-4bd4-418a-bed9-c5d707da54e0

    Sist endret

    16. januar 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3584693_191035_nn

    Lignende annonser