Hopp til innhold

Faste stillingar og ferievikariat i Laboratorieklinikken 

Arbeidsgiver

Laboratorieklinikken, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Bioingeniørar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Laboratorieklinikken treng fleire dyktige og engasjerte bioingeniørar! Vi søker etter deg som ønsker fast fulltidsjobb i våre laboratorium. Vi søker også etter deg som ønsker å jobbe i sommarferien og i deltidsstilling ved sidan av studiar.

Haukeland universitetssjukehus er ein av dei største tilbydarane av laboratorietenester i Noreg. Laboratorieklinikken tilbyr eit breitt spekter av analysar innan ulike
fagområde. I tillegg til analytisk verksemd, tilbyr laboratoria rettleiing for bruk av analysar og tolking av analysesvar. Bioingeniørar utgjer den største faggruppa i laboratoria. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår og vi arbeider for å knytte til oss dei beste fagfolka og vil legge til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste.

Laboratoria i Laboratorieklinikken har behov for bioingeniørar/bioingeniørstudentar no, til sommaren og vidare utover hausten i 2026. 

Dette er ei felles annonse for:

  • Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) med tilhøyrande satellittseksjonar:
    • MBF-Glasblokkene
    • Laboratoriet på Voss sjukehus (MBF-Voss)
    • Laboratoriet på Kysthospitalet i Hagevik (MBF-KIH)
  • Mikrobiologisk avdeling (MIA)
  • Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT)
  • Avdeling for patologi (PAT) 
  • Avdeling for medisinsk genetikk (MGM)
  • Seksjon for kreftgenomikk (SKG)
  • Biobank Haukeland (BBH)

På MBF, MIA, PAT og AIT er det turnusarbeid.

Vi håper du kan tenke deg å arbeide hos oss i Laboratorieklinikken. Dersom du har eit ønske om kva for eit laboratorium du helst vil arbeide ved, kan du skrive dette i søknaden. 


Arbeidsoppgåver

  • Alle bioingeniørar/bioingeniørstudentar må vanlegvis delta i blodprøvetaking
  • Den som blir tilsett må pårekna både analytiske og preanalytiske oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Fordel med relevant erfaring
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Kandidater med norsk autorisasjon som bioingeniør vil bli føretrekte, men annan relevant utdanning kan vere aktuelt

Personlege eigenskapar

  • Påliteleg og arbeidsam
  • Kunne arbeide i team
  • Ha god fagleg vurderingsevne og arbeide strukturert og målretta
  • Vere sjølvstendig, konstruktiv og fleksibel
  • Like varierte utfordringar
  • Serviceinnstilt overfor pasientar og pårørande, og du verdset samarbeid med kollegaer

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Ein klinikk i utvikling med kollegaer som er opptatt av å lære)
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Johanne Lind Aasen, Assisterande direktør, Laboratorieklinikken, 55973119

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5027335941
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.12.2025

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

435b4964-97fc-49b7-90a5-2b045eddde12

Sist endret

8. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

47ca50c43e8f487985442fe1c8ca6e6b

Lignende annonser

Laster lignende annonser